Mobilindustrien skjulte mobilkritisk informasjon i 7 år

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter sju år vart CDPH, Californias offentlege helsekontor, nøydde til å offentleggjere eit dokument som gjer det klart kor farleg det kan vere å utsetje seg for elektromagnetisk stråling frå mobiltelefonar.

Årsaka til at dei endeleg måtte gjere dokumentet offentleg i 2017 var at Joel Moskowitz, direktør for Center for Family and Community Health på Berkeley-universitetet, reiste søksmål mot staten og kravde innsyn i dokumentet.

CDPH laga eit webinar i 2009 som tok føre seg elektromagnetiske felt og potensielle helseskadar som var grunnlag for dokumentet. Dette vart presentert av Raymond Neutra, tidlegare leiar for helse og miljøseksjonen i CDPH og rådgjevar for mellom andre WHO, rekna som ein internasjonal ekspert på elektromagnetiske felt og helse.

Neutra hevda at ein ikkje treng å vere overtydd om kor valdsame skadar slik stråling har potensiale for å gjere på individ, men at det var mange enkle og billige løysingar som kunne redusere potensialet for skade:

  • Hald telefonen avskrudd det meste av tida
  • Bruk hovudsett
  • Legg telefonen på eit bord ein meter unna deg sjølv før du slår på telefonen
  • Skriv ned telefonmeldingar
  • Returner samtalar og slå av
  • Slå av telefonen om du sit i buss der andre kan ta skade av strålinga

LES OGSÅ: Snakk saman om mobilen

Mobilindustrien og lobbyistar ansvarlege

Neutra meinte òg at talsmenn for mobilindustrien vil vere svært negativ til eikvar endring i politikken ikring dette, ettersom dei vil vere redd for søksmål og press for sterkare og sterkare lovgjeving som hindrar bruken av produkta deira, noko som Moskowitz òg fokuserte sterkt på under rettsaka.

Moskowitz synte i rettsalen at høgtståande politikarar og lobbyistar frå mobilindustrien var dei eigentlege motstandarane av offentleggjering, ikkje CDPH.

LES OGSÅ: Bør behandle mobilbruk som røyking

Mange endringar

Dokumentet vart oppdatert 27 gonger mellom 2010 og 2014 før det vart droppa. I dei tidlege versjonane var sentrale punkt at ein burde auke avstanden mellom seg sjølv og telefonen, bruke hovudsett og SMS.

Eit anna særs viktig punkt var at elektromagnetisk stråling kan nå langt djupare inn i hjernen til born enn til vaksne, slik at foreldre må hindre borna sine i å bruke telefonen sin til anna enn SMS og særs viktige samtalar.

LES OGSÅ: Krev mindre trådlaus eksponering av born

Kjelder:

“Electromagnetic Radiation Safety”

CDPH-seminar

Rettsdokument Moskowitz v. CDPH