Frankrike forbyr smarttelefonar i grunnskulen

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 15.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lova blei vedteken måndag 30. juli med 62 røyster for og éi imot i den franske nasjonalforsamlinga. President Emmanuel Macron har kjempa for eit forbod heilt sidan han blei valt i fjor vår.

I desember 2017 forklarte utdanningsminister Jean-Michel Blanquer kvifor eit slikt forbod kan vera lurt:

– Dagens barn leikar ikkje lenger i friminutta. Dei stirar inn i mobiltelefonane sine. Frå ein pedagogisk ståstad er dette eit stort problem, sa han i et intervju på TV-kanalen RTL, ifylgje utdanningsnytt.no.

Skjerping av gamal lov

Franske skular har frå før av hatt forbod mot mobilbruk, men då berre i timen og liknande. Den nye lova har ein strengare ordlyd, i og med at ho gjeld «innskrenkinga av mobiltelefonbruk i undervisningsinstitusjonane», altså eit generelt forbod på heile skuleområdet.

Skulane sjølv kan gi unnatak frå regelen under pedagogiske omsyn eller for funksjonshemma barn. Gymnasa får òg høve til å innføra eit liknande forbod, men er ikkje forplikta.

Kva med Noreg?

Tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sa i 2015 at skulane sjølv må få velja om dei vil forby duppedittar. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Den franske opposisjonen avsto i protest frå å røysta, og kalla lova for «eit PR-stunt», «politisk flagging» og ei «spesiallov» som «ikkje kjem til å endra på noko», skriv dei i franske Le Monde.

Liknande diskusjonar har gått òg i Noreg, men dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttala seg i 2015 kritisk:

– Eg har meir tru på at skulane kjem fram til det sjølv. Og skulane kan faktisk konfiskera mobilen til elevane eller krevja innleverte mobiltelefonar ved starten av skuledagen, sa Røe Isaksen til VG.

Les også: – Er vi blitt slavar av duppedittar? spør Agnes Ravatn

Sosialt utjamnande

Samstundes syner forskning frå University of Texas og London School of Economics at mobilforbod i skulen gir betre resultat.

– Ved å overvaka skulane i fire engelske byar […], finn me at elevane presterer betre etter eit forbod, skriv forskarane i samandraget. Dei argumenterer òg for at det er særleg dei svakare elevane som tener på ei slik lovendring.