Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 14.08.2018 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For 25 år sidan vart Ruth Bader Ginsburg den andre kvinna, av no totalt fire, som har vorte utnemnd til høgsterettsdommar i USA. Det var Bill Clinton som nominerte henne til setet. 

Ginsburg sit fortsatt på benken i høgsteretten. I dag er ho 85 år gamal, og med det den eldste høgsterettsdommaren i landet. 

«Notorious RBG»

Irin Carmon og Shana Knizhik har skrive biografi om Ruth Bader Ginsburg. Foto: Maia Weinstock / Flickr / CC BY-NC-ND 2.0

Ginsburg har blitt eit ikon for mange i USA. Tilhengjarane hennar kallar henne «Notorious RBG.», eit kallenamn som spelar på artistnamnet til rapparen Notorious B.I.G. Ginsburg har i fleire intervju uttalt at dei to har noko til felles. Nemleg det at begge er født og oppvokst i bydelen Brooklyn i New York.

Kallenamnet kom då Shana Knizhik starta ein tumblr for å hylle Ginsburg. I 2015 gav ho, saman med Irin Carmon ut biografien Notorious RBG: The Life and Times of Ruth Bader Ginsburg.

Ginsburg har vorte eit fenomen i popkulturen, og ho har mange tilhengjarar. Ho er spesielt kjend for å dissentere (vere i mindretal i rettslig avgjerdsle), og har ein spesifikk krage ho nyttar dei dagane ho har planar om å dissentere i ei sak.

Det vert blant anna solgt smykker som liknar på denne kragen, som vert kalla dissent-smykker. Det vert og solgt nåler og t-skjorter med bilete av Ginsburg, og orda «I dissent» på.

Les òg: Ein siger for kvinnekampen

Ein plakat med andletet til Ruth Bader Ginsburg og orda «We dissent» vart nytta i ein protest mot Donald Trump. Foto: Susan Melkisethian / Flickr / CC BY-NC-ND 2.0

Inspirerande Sverige-opphald

På sekstitalet jobba Ginsburg med ei bok om sivilprosess i Sverige saman med Anders Bruzelius. Under arbeidet med boka lærte ho seg svensk, og ho hadde òg eit opphald i Sverige, ved Universitetet i Lund, for å drive forsking til boka.

Medan ho var i Sverige, oppdaga ho at over tjue prosent av jusstudentane var kvinner. Ein av dommarane Ginsburg fulgte i forskinga si, var åtte månader gravid og framleis i arbeid. 

Desse opplevingane skal ha hatt innverknad på Ginsburg sitt arbeid med likestilling, og ho fortel i eit intervju med The New York Times at det var på denne tida ho verkeleg byrja å tenkje på kvinners likestilling.

Les òg: Vil ikkje heite helsesyster lenger

Likestillingskampen

Ruth Bader Ginsburg. Ho har mange forskjellige kragar ho brukar i retten. Blant anna ein ho nyttar når ho stemmer i mot majoriteten. Den på biletet er ein av dei vanlege. Foto: Frank Basinger / Flickr / CC BY-SA 2.0

I sin første rettsak foran høgsteretten, siterte ho Sarah Grimké: «Eg ber ikkje om fordelar for vårt kjønn. Alt eg ber om frå våre brør, er at dei tek føttene sine av nakkane våre,».

Ginsburg forklarar i eit intervju med Jane Pauley i CBS sitt program «Sunday Morning», at ho tykkjer det er best å gjere endringar som gjeld likestilling eitt steg om gongen.

– Det er betre å gå steg for steg, og ha ei rekkje med beslutningar, enn å ha ei beslutning som gjer alle lovar i alle statane, sjølv dei mest liberale, grunnlovsstridige. Det er eit altfor stort sprang. Mange er ueinige med meg, og seier at dei negative reaksjonane ville ha kome uansett, men det får me aldri vite.

I løpet av karrieren jobba Ginsburg som frivillig advokat for American Civil Liberties Union (ACLU), der ho tok mange saker som omhandla kjønnsdiskriminering. Ho valde òg å ta saker der menn vart diskriminerte, for å vise at det råka begge kjønn.

Sjølv hadde ho vanskar med å få seg jobb då ho gjekk ut av jusstudiet som ein av dei beste i klassen. Mange firma ville berre tilsetje menn. Ho har i fleire intervju uttalt at ho hadde tre slag mot seg.

– For det første var eg jøde, og firmaa på Wall Street hadde så vidt byrja å akseptere jødar. Og så var eg kvinne. Men drepen var dottera mi, Jane, som då var blitt fire år gamal, sa ho til The New York Times.

Ho sa nokolunde det same i intervjuet med Jane Pauley. Pauley spurte då om ikkje det sa noko om Ginsburg, at ho gjekk ut av universitetet som ein av dei beste, samstundes som ho var mor.

– Det burde ha gjort det, var svaret frå Ginsburg.

Les òg: Ny teori om korleis George Orwell var smitta av tuberkulose

Eit likestilt ekteskap

I traileren til dokumentaren RBG kan ein høyre Ginsburg seie at ektemannen hennar var «den fyrste guten eg kjente som brydde seg om at eg hadde ein hjerne».
Martin har sjølv uttalt at «det viktigaste eg har gjort, er å gjere det mogleg for Ruth å gjere det ho har gjort».

Martin skal ha stått for matlaginga i huset, og i intervjuet med Jane Pauley fortel Ginsburg at ho pleidde å lage mat ein gong i veka, heilt til dottera Jane sa at faren sin matlaging var betre, og at han burde lage mat kvar dag.

Ginsburg fortel vidare at etter at ektemannen døydde, er det dottera som har laga mat til henne, sidan ho føler eit ansvar for å ha jaga henne ut av kjøkkenet. I intervjuet syner Ginsburg fram ei frysarskuffe med nedfryste, heimelaga måltid.

Ginsburg og ektemannen Martin utdanna seg begge til å bli advokatar. Han innanfor skattereglar, medan ho fokuserte på likestilling og kvinner sine rettar i sitt arbeid som advokat. 

Armie Hammer og Felicity Jones spelar ekteparet Ginsburg i den kommande filmen om Ruth Bader Ginsburg. Ruth har kalla Martin sin viktigaste støttespelar. Foto: IMdB/ On the Basis of Sex

I intervjuet med The New York Times, fortel ho at ho og Martin tidleg bestemte seg for at dei skulle vere saman i det dei gjorde i livet. Dei gjekk difor aktivt inn for å utdanne seg innanfor same feltet. Dei vurderte både medisin- og handelsstudier, men medisinstudiet hadde opplegg på ettermiddagane, og ville difor kome i vegen for golfspelinga til Martin, og handelsskulen til Harvard tok ikkje inn kvinner. Då gjenstod jus.

Ruth og Martin Ginsburg fekk to ungar saman, Jane og James. Jane fulgte foreldra sitt eksempel, og vart advokat, medan James er musikkprodusent.

Martin Ginsburg døydde i 2010, 78 år gamal.

Les òg: Guten som slåst for jenters rettar

On the Basis of Sex

Filmen om Ruth Bader Ginsburg, med Felicity Jones i hovudrolla, er venta å premiere her til lands neste vår.

Tidlegare i år kom dokumentaren RBG, som dekkjer livet og karrieren til Ginsburg. Dokumentaren går nærare inn på både sakene ho har jobba for i tida si som advokat og dommar, og popkulturfenomenet ho har blitt i slutten av karrieren si.

RBG er ikkje den einaste filmen om Ginsburg som kjem dette året. Spelefilmen On the Basis of Sex er snart kinoaktuell.

On the Basis of Sex følgjer Ginsburg i starten av karrieren hennar som advokat, og traileren viser at ho tek på seg ei sak der ein mann kjempar om omsorg for borna sine.

 

Filmen er venta å ha premiere her til lands i løpet av våren 2019, men kjem på amerikanske skjermar i romjula. Det betyr at den kjem akkurat i tide til å vere med i neste års Oscar-kamp. Produsentane har truleg ambisjonar om fleire nominasjonar til filmen.

Ruth Bader Ginsburg skal sjølv dukke opp i filmen, men det er uvisst om ho skal spele seg sjølv eller nokon andre.

Les òg: Vassendgutane treng eit motsvar til #MeToo-låta si