Vassendgutane treng eit motsvar til MeToo-låta si


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den 20. april gav Vassendgutane ut sin nye singel «MeToo», som handlar om samfunnsrørsla #MeToo. Eller rettare sagt handlar låta om korleis rørsla har gått for langt.

For ordens skuld. #MeToo er ei rørsle med mål om å stoppe folk med makt i å trakassere og utnytte andre seksuelt. Dei som blir mest utsette for slik utnytting er kvinner. Og dei som utnytter mest er eldre menn i maktposisjonar.

Dei noko aldrande og suksessfulle musikarane meiner altså at det har gått for langt.

Vassendgutane er eit danseband som i fleire år har turnert Norge med stor suksess. Du har nok høyrt songar som f.eks. «Granada» eller «Ungkar med dobbeltseng». Ein kan seie at dei lagar låtar som beskriv distrikts-Noreg med eit humoristisk tilsnitt. Folket elskar det, og dei har i mange år vore eit av dei banda i Noreg som sel best.

Flautt!

Der er nokre likheitstrekk mellom meg sjølv og dei. Vi kjem begge frå Ørsta, begge driv med musikk og vi brukar humor som eit verkemiddel. Samstundes er vi veldig forskjellige, og det kjem svært tydeleg fram, blant anna når det kjem til standpunkt til #MeToo.

Då eg blei oppmerksam på at Vassendgutane hadde gitt ut ei låt med denne tematikken, blei eg litt flau. Ikkje så veldig overraska, men flau. Vidare kjende eg på eit behov for å kome med eit motsvar. Eg vil gjerne vise resten av Norge at ikkje alle i Ørsta har desse verdiane som Vassendgutane tilsynelatande har.

Eg vil gjerne vise resten av Norge at ikkje alle i Ørsta har desse verdiane som Vassendgutane tilsynelatande har.

#MeToo har ikkje gått for langt

Eg synest slett ikkje at #MeToo har gått for langt. Bevegelsen bør heller ikkje stoppe opp før samfunnet viser tydeleg at å bruke maktposisjonar til utnytting/trakassering av andre ikkje er greitt. Eigentleg trur eg ikkje at Vassendgutane synest dette er greitt heller. Eg mistenkjer at dei snarare har misforstått kva saka handlar om.

“Om du e dame eller mann, det ekje lett å vere singel i dag. Du teke taxi inn til byn og gjenge inn på første bar. Men du teke ikkje kontakt du sit åleine du he bordet for dej sjøl. Du e kloke ta skade du he fått dej en på kjeften før”

Her hintar låtskrivar, Sindre Aam, til at folk ikkje kan prate med kvarandre utan å hamne i problem. Dette tek han også opp i eit intervju i samband med publisering av låta. Om det faktisk oppstår problem i samtale med det motsette kjønn, er det vel eit teikn på store kommunikasjonsproblem heller enn eit utslag av at #MeToo har gått for langt. Vegen frå ein normal samtale til seksuell trakassering er nemleg ganske lang.

Om det faktisk oppstår problem i samtale med det motsette kjønn, er det vel eit teikn på store kommunikasjonsproblem heller enn eit utslag av at #MeToo har gått for langt.

LES HISTORIA OM KVINNA BAK #METOO-RØRSLA, TARANA BURKE!

Uforståeleg

At Vassendgutane heilt og fullt står for denne bodskapen er for meg litt uforståeleg. Ein kan lure på om det berre er eit PR-stunt for å halde i live populariteten til bandet. Om dei faktisk står for det, er det lett å tru at grunnen må vere at dei har orientert seg om #MeToo via mørke ekkokammer på Facebook. For måten dei presenterer problematikken på, heng ikkje heilt saman med verkelegheita.

måten dei presenterer problematikken på, heng ikkje heilt saman med verkelegheita.

Låta er elles ei særs catchy sak, og eg er sikker på at den fell i smak hjå fansen. Men eg håper at dei som høyrer på låta har ei litt anna oppfatning av #MeToo enn bandet har sjølve. Det er også litt artig at dei låner linjer frå ein av våre største poetar, Alf Prøysen. Men om han hadde ønskt å bli assosiert med ein slikt bodskap som denne låta formidlar, er eg høgst usikker på.

LES OGSÅ: Vassendgutane: – Enkelte har meint at me burde droppe låta