Ny teori om korleis George Orwell vart smitta av døyeleg tuberkulose

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 07.08.2018 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny vitskapleg studie indikerer at George Orwell truleg pådrog seg tuberkulosen som tok livet av han under den spanske borgarkrigen. Det melder The Times og fleire andre aviser.

Animal Farm kom ut i 1945. George Orwell og Sovjetunionen støtta begge den demokratisk valde spanske regjeringa i den spanske borgarkrigen. I Animal Farm gjekk Orwell til åtak på Stalin sitt totalitære samfunn. Omslaget til fyrsteutgåva / Wikipedia

Orwell sleit med dårleg helse frå han var liten av, og hadde bronkitt. Før den spanske borgarkrigen fekk han òg lungebetennelse fleire gonger. På grunn av den skjøre helsa han hadde, var det i hans levetid vanskeleg å slå fast når det var at han pådrog seg tuberkulose.

Orwell, som kjempa i Katalonia mot Franco-fascistane i den spanske borgarkrigen, vart råka av ei kule tvers gjennom nakken og halsen, som han utruleg nok overlevde. Nedst i saka har me med eit utdrag frå Orwell si eiga skildring av dette. 

Etter at Orwell vart såra bar det til sjukehus i den katalonske byen Tarragona. Forskaren Gleb Zilberstein trur at Orwell kan ha pådrege seg tuberkulosen medan han kom seg til hektene på sjukehuset. Sjukdomen skulle ta livet av han litt meir enn eit tiår seinare.

Det var medan Orwell leid av tuberkulose mot slutten av livet, at han skreiv dei to mest vidgjetne romanane sine, «Animal Farm» og «1984». Sistnemnde roman skreiv han ferdig like innan han døydde.

Les også: Palestinsk jente slapp ut av fengsel: Vekkjer åtgaum i verdspressa

Kunne ynskt seg meir flaks

«Hyllest til Katalonia» Etter at Orwell drog frå den spanske borgarkrigen og kom heim til England, skreiv han om kampen mot Franco slik han var vitne til han i Katalonia. Omslaget til fyrsteutgåva, Wikipedia

På slagmarkene til den spanske borgarkrigen kjempa Orwell både med våpen i hand og med pennen som rapporterande krigsjournalist. I april 1938, eit år før borgarkrigen tok slutt, gav Orwell ut ei bok basert på eigne skildringar, «Hyllest til Catalonia». Her kjem han òg inn på at han sjølv vart skoten og overlevde.

Han skriv om lækjarar, helsesystrer og pasientar som fortel han kor heldig han var som overlevde nakkeskotet. Ein lækjar fortalde han at kula hadde råka ein millimeter unna pulsåra.

Men oppi alt hadde Orwell vanskeleg for å fryde seg over flaksen han hadde hatt. Han avsluttar det tolvte kapittelet av boka på fylgjande vis: «Eg kunne ikkje unngå å tenkje at det ville vore endå meir flaks å ikkje verte råka i det heile.»

Og kanskje var det slik at dette skotet tok livet hans fleire år seinare.

Les også: Historisk dom om sexslaveri kan gje globale ringverknader

Arbeidsmetoden til vitskapsmennene

Gleb Zilberstein, som har leia granskinga av Orwell sin tuberkulosesjukdom, har tidlegare forska på sjukdomen som tok livet av den russiske forfattaren Mikhail Bulgakov.

I dette arbeidet granska Zilberstein det originale manuskriptet til Bulgakov sitt store verk «Meisteren og Margarita», skrive for om lag 80 år sidanI papirmanuskriptet fann Zilberstein spor etter ein nyresjukdom.

I arbeidet med å granske sjukdomen til Orwell, har forskarane analysert bakterierestar i eit brev George Orwell sende ifrå seg i 1937, stutt tid etter at han hadde kome heim att til England frå Spania.

Dei har samanlikna desse bakteriane oppimot ein sovjetisk database over visse deltakarar i borgarkrigen som fekk tuberkulose, og utifrå dette slutta at Orwell truleg vart smitta medan han var i Spania.

Les også: Noreg med ny rekord i våpeneksport: Me tenar på at verda rustar opp

– Sannsynleg at han vart smitta på sjukehuset

Forskargruppa synest det verkar sannsynleg at Orwell kan ha pådrege seg tuberkulose under sjukehusopphaldet etter nakkeskotet, ikkje minst sidan den spanske borgarkrigen var den siste krigen som vart kjempa i Europa utan tilgang til penicilin.

Portrett av George Orwell teke i 1943, sju år før han døydde av tuberkulose, berre 46 år gamal. Foto: Wikipedia/ Public domain

Zilberstein seier òg at den tidlege fasen av borgarkrigen då Orwell pådrog seg tuberkulose, var ein fase då det var ekstra stor fare for å pådra seg sjukehusinfeksjonar, og at hygienestandarden på sjukehusa var låg.

Fleirtalet av dei som vart såra i den spanske borgarkrigen, vart smitta av bakteriar når dei kom på sjukehusa.

Les også: Når krig vert underhaldning

Historikar er ikkje overtydd

Trass i alt, vedgår Zilberstein til The Times at Orwell også kan ha pådrege seg tuberkulose gjennom å ete bakterieinfisert mat, og at det ikkje er sikkert at han fekk sjukdomen frå infeksjon i skotsåret.

Ein av dei som ikkje har late seg overtyde av hypotesa til Zilberstein om at Orwell vart sjuk på sjukehuset, er den spanske historikaren Julián Casanova: «I dette Barcelona i 1937 hadde sjukehusa gjort viktige medisinske framsteg. Der arbeidde det helsearbeidarar og lækjarar med røynsler frå den fyrste verdskrigen som hadde kome til dei Internasjonale Brigadane», seier Casanova til den spanske avisa El País. Han trur personellet hadde kunnskapen som skulle til for å hindre at såra soldatar pådrog seg tuberkulose på sjukehusa.

Les også: Fredsnasjonen Noreg ligg på andreplass i krig

Orwell skildrar korleis det var å verta skoten

I boka «Hyllest til Katalonia» skildrar også Orwell i detalj korleis det sjølv kjendest å verte skoten av fienden. Her kjem to små utdrag av skildringa, omsett til nynorsk for høvet:

«Eg veit ikkje om eg råka nokon – det er svært usannsynleg, eg er veldig dårleg med rifla. Men det var ganske gøy, Fascistane visste ikkje kvar skota kom ifrå, og eg forvissa meg om at eg ville ta ein av dei før eller seinare. Men, det var hunden som døydde – ein Fascist-snikskyttar fekk meg i staden. Eg hadde vore omkring ti dagar i fronten då det hende(…..)Plutseleg, midt medan eg heldt på å seie noko, følte eg – det er veldig vanskeleg å skildre kva eg følte, sjølv om eg hugsar det heilt levande for meg. Grovt sagt kjendest det som å vere i sentrum av ein eksplosjon. Det var som eit høgt pang og ein blendande ljosglimt overalt ikring meg, og eg følte eit enormt sjokk – ikkje noko smerte, berre eit valdeleg sjokk, slik som du får frå ein elektrisk generator. Med det kom ei ytste kjensle av veikskap, ei kjensle av å vere slagen og innskrumpa til ingenting. Sandsekkene framom meg veik langt av stad. Eg trur du ville kjenne mykje det same om du vart råka av lynet. Eg visste med same at eg var råka, men på grunn av den tilsynelatande smellen og ljosglimten trudde eg det var ei rifle i nærleiken som hadde gått av ved eit mistak og skote meg. Alt dette skjedde i eit tidsrom på mykje mindre enn eit sekund……»