Guten som slåst for jenters rettar

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jerry Sesanga vaks opp i slummen utanfor hovudstaden i Uganda, med ei ung mor og to søstrer. Tidlegare var han fadderbarn gjennom Plan International Uganda, og i dag er han blant anna goodwill-ambassadør for organisasjonen.

Oslo Freedom Forum sist veke, fortalte han om sitt arbeid i Uganda for likestilling av kvinner og menn, og om arbeidet for å få slutt på barneekteskap.

– Kvifor treng du å jobbe med desse temaa?

– I Uganda er det ikkje likestilling. Eg synest lovane og kulturen er veldig dårleg. Det er hardt for jenter og kvinner å klare seg, dei har ikkje same moglegheiter.

– Medan gutar får utdanning, får jentene inga utdanning. Gutar kan arve, men det kan ikkje jenter. Så tema som det gjer at eg vil vere med på å endre forholda, seier han.

Jenter sine levekår angår alle

– Kvifor er du personleg interessert i å jobbe med denne problematikken?

– Eg trur mor mi var ei barnebrud. Og det påverka verkeleg liva våre. Om det ikkje var for sponsing og nokre alliansar som kvinner hjalp meg å få, så trur eg ikkje eg ville klart meg her i livet.

Han fortel at det er mora som er helten hans. Og at dei som har sponsa han gjennom Plan, er kvinner. Han kallar dei kvinnene i livet sitt. Saman med Plan international har han bestemt at det er behov for å jobbe med desse temaa.

Frå foredraget til Jerry Sesanga under Oslo Freedom Forum. Foto: Oslo Freedom Forum

– Eg trur ikkje tema som angår jenter sine levekår berre angår jenter. Mi erfaring er at dei berører oss alle. At mamma var barnebrud hadde konsekvensar for oss alle.

– Når vi ser at ei kvinne døyr når ho skal føde, så forlet ho borna sine, og dei får ikkje vere born og vekse opp med ei mor. Så det er verkeleg viktig at kvinnespørsmål handlar om menneskerettar og er eit tema for oss alle.

Han trur òg det gir ei anna merksemd når menn jobbar med desse spørsmåla, og meiner dei må gjere ein jobb for å gi kvinner styrke.

Formidlar gjennom bøker og film

Jerry er lidenskapeleg opptatt av litteratur og film. Han fortel at han har lese dei norske eventyra, som historiene om Askeladden.

– The ash-boy, is that what you call him?, smiler han.

Han har lese alle eventyra frå Peter Christian Asbjørnsen, bøkene til Knut Hamsun og Henrik Ibsen.

– Ja, det er noko med Noreg. Bortsett frå Uganda, er det den plassen eg har vore meir enn ein gong. Eg er halvt nordmann og halvt frå Uganda, ler han.

Lidenskapen for litteratur og film er noko han aktivt bruker når han skal jobbe med samfunnsspørsmåla han er opptatt av.

– Eg skriv bøker som handlar om myndiggjering. Til dømes i filmen min «The baby bride», skriv eg om ei jente som ikkje har noko nettverk lenger, fordi ho er gift med ein fyr som er over 70 år. Så ho kan ikkje leike med vennene ho brukte å leike med.

– Og om du les bøkene mine, så omhandlar det likestilling av kvinner. Så eg bruker litteraturen til å uttrykke meg rundt det, og for å nå ut til eit publikum.

Han fortel at han òg brukar sosiale medium, og at det gir god kontakt med lesarane.

– No har eg lagt ut eit dikt rundt tema som eg jobbar med, og om eg ser på kommentarane så kan eg sjå at folk er veldig inspirerte, og deler vidare. Eg får kommentarar som «Dette er kjempebra jobba», og på same tid kommuniserer eg budskapet.

Om Uganda

– Kan du gi oss eit bilde av situasjonen i Uganda?

– For det første, så er Uganda eit veldig vakkert land. Ein veldig vakker plass å bu. Men det er nokre utfordringar rundt barneekteskap. Nokre av grunnane er kultur og religion. Så det er hardt for jenter, for nokre gongar blir dei gifta bort når dei er 16 år gamle.

Ifølge lovverket i Uganda, så er aldersgrensa for å gifte seg heva til 18 år, men den lova blir ikkje alltid fulgt.

– Om vi får folk til å følge den, så trur eg verkeleg situasjonen kan bli betre. Så difor gir vi òg regjeringa vår i oppgave å passe på at alle får rettferd i landet.

Gjennom Plan er han ein av leiarane for kampanjen «My Body, My Future», som samla 39 000 underskrifter til parlamentet i Uganda. Der stiller dei krav til betre informasjon om seksualitet og seksuell helse. I kampanjen informerer dei om at ei av fire tenåringsjenter i Uganda blir gravide.

Sjå video frå kampanjen her:

– Korleis har desse dagane på Oslo Freedom Forum vore for deg?

– Det har vore fem arbeidsdagar med moro. Det har verkeleg vore oppmuntrande, fordi eg har møtt menneske som er engasjerte i dette, som er opptekne av menneskerettar frå forskjellige perspektiv. Og eg har følt meg så oppmuntra, så likt og sett pris på, og eg kjenner meg så full av energi at eg er klar til å dra tilbake og gjere meir. Det betydde mykje, seier han.

Han trur det har noko å seie for mottakaren at han sjølv er ung.

– Eg trur at når eldre folk kommuniserer eit bodskap til ungdommen, så verkar bodskapet langt unna. Det er lett for unge å tenke «kva veit dei om oss». Men når unge folk kommuniserer til unge, er det mykje lettare  å nå ut. Det er difor eg verkeleg trur at unge kan endre historia. Når andre unge ser dei som engasjerer seg, er det lett å få kontakt.

No er han klar for å fortsette jobben.

– Når eg ser at nokre blir bortgifta når dei er 16 år, til veldig gamle menn, da føler eg at det ikkje er noko rettferd i det heile tatt. Med dei moglegheitene eg har fått, så føler eg at om vi set fokus på barneekteskap, så kan det hjelpe jentene til å få ei utdanning og å utnytte potensialet sitt, seier han.

Oslo freedom forum

  • Eit årleg arrangement, der målet er å fremma menneskerettar. 
  • Arrrangementet er eit samarbeid mellom Helsingforskomiteen, Amnesty, LIM, Civita, Plan International Norge og Nobels Fredssenter.
  • Vart arrangert 28.-30. mai, og markerte i år 10-årsjubileum.