Tidlegare FrP-topp slaktar undersjøiske tunnelar

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har som langsiktig mål å gjera E39 ferjefritt innan ca. 2050. Prosjektet vil kosta minst 340 milliardar kronar å gjennomføra, og skal etter planen halvera køyretida frå Kristiansand til Trondheim langs kysten.

 – Dårleg idé

Sett under eitt er ferjefri E39 eit samfunnsøkonomisk ulønsamt prosjekt – det informerte fagfolk ved Transportøkonomisk Institutt (TØI) om alt i 2013.

– Som samla konsept er det ein dårlig idé – ein del av enkeltprosjekta er ein skikkeleg dårleg idé, sa forskar Harald Minken frå TØI til NRK i 2013.

Han meiner det ikkje finst trafikkgrunnlag for å byggja ut så mykje veg på Vestlandet, med unnatak for nokre mindre strekningar.

Den dyraste delen av vegprosjektet er fjordkryssingane, som åleine er venta å koma på nesten 200 milliardar.

Les også: Ferjer i Hordaland får gjev pris

Brannfarlege og forureinande tunnelar

Geir A. Mo er administrerande direktør i Noregs Lastebileigar-Forbund (NLF) og tidlegare generalsekretær i Frp. Han er kritisk til fleire delar av planane om ferjefri E39, men særleg dei undersjøiske tunnelane, som han meiner er farlege og miljøfiendtlege.

– Faren for brann i tunge køyretøy er stor, og katastrofepotensialet dersom en ulykke først er ute, er enormt, skriv Mo på e-post til Framtida.

– Kva som ville skjedd viss det til dømes var ein buss med barn eller pensjonistar bak brannen, kan ein jo berre førestilla seg, legg han til.

Mo peikar på at dei undersjøiske tunnelane dessutan er meir miljøfiendtlege enn bruer.

Geir Mo er ueinig med sitt tidlegare parti Frp om fleire av planane for ferjefri E39. Foto: Kjetil Ree/CC BY-SA 3.0

– Ved ned- og oppstigning frå djupe undersjøiske tunnelar går det enormt mykje meir energi samanlikna med å køyra over ei bru. Slike tunnelar er difor også svært miljøfiendtlege, seier han.

Les også: Kan bli dyrt med berre nye ferjer

Greier seg med ferje over fjordane i lang tid framover

Framtida har freista å kontakta Samferdsledepartementet, men utan hell. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skriv i Klassekampen den 20. juli at ei rekkje lokalsamfunn ynskjer å bli kvitt ferjene.

– Eg har reist mykje rundt i landet. Tilbakemelding frå næringsliv og transportsektoren (…), er nærast eintydig – god og fleksibel infrastruktur er ein føresetnad for god utvikling av lokalsamfunna, seier han vidare.

NLF er nok ikkje ueinige i det siste, men Mo seier dei ville ha prioritert annleis.

– Me meiner at ein bør utbetra vegane mellom fjordane før ein starter på fjordkryssingane. Me greier oss svært godt med det, samt eit utvida ferjetilbod med til dømes 20 minuttars ferjer og nattilbod, i lang tid framover.

Mo presiserer at dei ikkje er imot fjordkryssingar, men då med rette middel og i rett rekkjefylgje.

– Me meiner det bør skje med bru – etter at ein har utbetra vegane mellom fjordane, og etter at ein har gjennomført andre sterkt prioriterte vegutbyggingar, til dømes Bergen – Gudvangen, der behovet er prekært.

Les også: AUF: Vi treng ei regjering som får ned klimautsleppa