Fylkesordføraren i Møre og Romsdal ber staten stille absolutte krav om batteri- og hybdridferjer. I Sogn og Fjordane vil fylkesordføraren ha eit breiare spekter av løysingar.

– No må regjeringa kjenne si besøkelsestid og satse på neste generasjon ferjer. Ved neste anbodsutlysing bør det vere absolutte krav om hybrid- og batteriferjer på aktuelle strekningar.

Det seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap).

Etterlyser politikarar som vil satse
Tysdag etterlyste Tekna-tillitsvaldTerje Nordtun politikarar som satsar på å byggja utsleppsfrie batteriferjer som eit motsvar til nedgangen i oljenæringa.

Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, meiner også at fylkespolitikarane må gripe sjansen til å etterspørje miljøvenleg teknologi i anbod.

LES OGSÅ: Vil ha batteriferjer

Nyleg kom Siemens og Bellona fram til at av dei totalt 180 ferjene som kryssar norske fjordar, vil det løna seg å skifta ut 84 av ferjene til batteridrift og 43 ferjer til hybrid drift.

Vil dele rekninga med staten
Fylkeskommunen Møre og Romsdal har ansvar for 20 ferjesamband. Dei fleste kontraktane går ut i 2019, og dei siste noverande i 2021.

Då vi ringer Aasen sit han på ei ferje og skryt av den maritime næringa i Noreg. Dagen før har han sjølv gått ut og kravd strengare miljøkrav frå statleg hald.

– Vi har ei maritim næring i verdstoppen. Det er ikkje grenser for kor mykje teknologi kan utvikle seg, og dagens teknologi vil brått vere gårsdagens. Neste gong vi lyser ut ferjepakka ønskjer eg at det skal vere ein miljøpakke, men vi kan ikkje dra lasset åleine i Møre og Romsdal. Staten må spleise på kostnadane.

Om Aasen får det som han vil, vil dei neste ferjene i fylket gå på batteri eller vere hybrid.

LES OGSÅ: Batteriferjer er eit kinderegg

Satse på fleire kort
Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har ansvar for seks ferjesamband. Alle kontraktane går til 2025, med varierande oppstartstidspunkt. Det vil seie at alle sambanda kan lysast ut samstundes.

I Sogn og Fjordane finst det som eigentleg var den første heil-elektriske ferja, nemleg ei lita batteridriven kabelferje i Solund.

– Den ferja kom før Ampere mellom Lavik og Oppedal, så Sogn og Fjordane var ganske tidleg ute, sjølv om ferja i Solund er langt mindre enn Ampere, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ho er oppteken av den totale miljørekneskapen og dei økonomiske sidene ved krav om nullutsleppsferjer.

– Det kan verte svært kostbart dersom ein berre skal ha nybygde ferjer, og det vil innebere store infrastrukturkostnader. Ordningar frå statleg hald er naudsynte for å fortgang i og stimulere til ei slik utvikling.

Vil sjå heile miljørekneskapen
Kjelsnes er positiv til dei batteridrivne ferjene, samstundes som ho ikkje vil satse alt på eitt kort.

– Førebels har vi ikkje sett heile miljørekneskapen for desse ferjene. Batteri lever ikkje evig, og kva då? Eg ønskjer at det frå nasjonalt hald vert satsa på forsking i ulike retningar. Det er plass til langt fleire batteriferjer enn i dag, men eg håpar vi kan skape ei breiare vifte av løysingar, seier ho.

Fylkesordføraren løftar fram bedrifta Brødrene Aa som døme. Båtbyggeriet i Hyen har satsa på å byggje hurtigbåtar i materiale som reduserer bruken av drivstoff.

– Selskapet har skapt store utsleppsreduksjonar i transportsektoren. Det fortel meg at vi må satse breitt, seier Kjelsnes.

Til liks med Aasen i Møre og Romsdal, meiner også fylkesordføraren i Sogn og Fjordane at staten må ta sin del.

– Regjeringa har inngått eit klimaforlik. Då må dei følgje opp i praktisk politikk. Om vi skal satse på nullutsleppsteknologi, så må vi ha nasjonal støtte.

LES OGSÅ: Oljenedgang gir høve for grønt ferjeløft

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE