Vi treng ei regjering som faktisk får ned klimautsleppa!

Sandra Edith Tenud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Realiteten er at 4 år med Frp og Høgre i regjering har klimagassutsleppa gått noko ned, men ikkje nok til å nå klimamåla som er sett. Det er kanskje ikkje så rart når fleire framtredande politikarar i FrP fortsatt ikkje eingong trur på menneskeskapte klimaendringar. Det finst faktisk rundt sju av dei på stortinget i dag, litt som ein anna høgrevendt kar over dammen. Å vere klimafornektar høyrer ikkje heime i 2017, fordi dette handlar om framtida vår.

Noreg fortener ei regjering som faktisk tek menneskeskapte klimaendringar på alvor, og det er berre ei Arbeidarparti-leia regjering som kan få det til. I fjor haust, når kaoset mellom Venstre og regjeringa om statsbudsjettet stod på som verst, leverte Arbeidarpartiet eit alternativt statsbudsjett som kutta dobbelt så mykje i utsleppa, til ros frå miljørørsla. Vi er det einaste partiet på Stortinget med ein konkret plan på kor mange tonn utslepp vi skal kutte.

Arbeidarpartiet går inn i regjering til hausten med eit program som tek Noreg mot eit grønare og meir bærekraftig samfunn. Vi skal ha ei storstilt satsing på grøne arbeidsplassar ved å auke klimateknologifondet, gje reiarlagkontraktar på nye elektriske ferjer og sikre næringslivet midlar og kompetanse til å omstille seg til grønare og meir fornybare næringar.

Vi vil ta Noreg i ei ny og grønare retning fordi vi fortener ei betre framtid saman.

Klima må vere gjennomgripande, og vi må alle jobbe saman for å kutte utsleppa. Vi kan ikkje tillate at vi får ei verd der millionar av menneske er på flukt på grunn av klimaendringane, der menneske døyr, får hus og heim øydelagt av ekstremvær og at matsikkerheita kan bli øydelagt av forsura hav og ubrukelege landbruksareal. Alle må med, og derfor må det også vere enkelt å ta klimavennlege val. Difor er eg stolt av at Arbeidarpartiet også vil gjere tog og buss billigare for ungdom, og vil sikre morgondagens transport med storstilt satsing på kollektivtransport og kun sal av nullutsleppsbilar etter 2025.

Klima skal vere ein del i alt vi gjer og vi skal få på plass nye utdanningar innanfor klima- og miljøfag for å sikre at vi har dei mest kompetente menneska for å møte klimaendringane. Å kjempe mot klimaendringane handlar om å sjå løysningar der andre ser utfordringar. Valet i haust står mellom Frp og Høgre-regjeringa der fleire ikkje trur på klimaendringane og dei andre ikkje klarar å gjere noko med det, og ei Arbeidarparti-leia regjering som vil kutte klimagassutsleppa og ta vare på miljøet. Vi vil ta Noreg i ei ny og grønare retning fordi vi fortener ei betre framtid saman.

Sandra Edith Tenud er politisk nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane.