Politiet bekymra over tenåringar som bryt lova på elsparkesyklar
Politiet over heile landet rapporterer om eit aukande problem med ungdommar som bryt trafikkreglane på elsparkesykkel. Politiet etterlyser meir innsats frå foreldre.

I Drøbak vart fire fjortenåringar i fjor haust stoppa på elsparkesyklar med ein toppfart på opp mot 100 kilometer i timen, skriv Aftenposten.
Hendinga i Drøbak er langt frå unik. I eit brev til foreldre ved nærare 60 skular åtvara Aust politidistrikt nyleg om at «svært mange» barn og unge bryt reglane.
– Vi får fleire og fleire saker om ungdom og elsparkesyklar, anten det er trafikkulykker eller at dei køyrer to på éin sykkel. Vi får òg mange klager på råkøyring på fortau, veg og i bustadstrøk, seier Marius Gunnerud, leiar for nærpolitiet i Follo.
Politiet har òg fått meldingar om bussar som køyrer i 60 km/t som blir forbikøyrde av elsparkesyklar.
Trass i innstramminga av reglane i 2021, inkludert ei fartsgrense på 20 km/t, held problemet fram med å veksa. Lea Tvervåg frå Ung i trafikken påpeikar at mange ungdommar ser på elsparkesyklar som leiketøy og manglar kunnskap om trafikkreglane.
Politiet etterlyser no meir innsats frå foreldre. Dei meiner òg at elsykkel-sparkande ungdom korkje er klar over trafikkreglane eller reglane for elsparkesyklar.
– Eg trur ein del foreldre synest dette er litt sjarmerande, at det liksom er venta at ungdom tøyer grensene litt, seier Ola Evensen, leiar for Utrykkingspolitiet i Østfold. Han kallar råkøyring på elsparkesyklar «eit vedvarande problem».
Ei alvorleg ulykke i Tønsberg, der ein fjortenåring vart lagd i kunstig koma etter å ha falle av ein elsparkesykkel i høg fart utan hjelm, understrekar farane ved denne trenden. Henning Johansen frå Søraust politidistrikt meiner dette først og fremst er eit foreldreansvar.
– Det er det eg har vore ute og sagt til foreldra: No må de ta ansvar, seier han.