Vil redde gutar frå trafikkdøden

Gutar er bekymra for eiga framtid og kjenner seg oversett i samfunnsdebatten. Det er også gutane som tek størst risiko i trafikken. No vil Trygg Trafikk og Volvo redde liv og gi gutane ei stemme.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Bakgrunnen for initiativet, er ein urovekkjande statistikk: 7 av 10 unge som døyr eller blir hardt skadde i trafikken, er gutar.

– Unge menn har lenge vore blant dei mest utsette i trafikken, men dei er også ei gruppe som kjenner seg oversett.

Med «Ta vare på gutane» ønskjer vi å treffe unge menn i målgruppa på deira premissar, seier kommunikasjonssjef Cecilie Bryner i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Ulykkesstatistikken er berre éin av mange negative statistikkar som gutane toppar.

Tal frå Ungdata-undersøkingar viser at stadig fleire gutar er bekymra for eiga framtid, og at mange ikkje kjenner seg sett i samfunnsdebatten.

– Å ta vare på gutane handlar ikkje berre om å redde liv i trafikken, men om å vise unge menn at dei er verdifulle og har ein viktig plass i samfunnet. Denne kampanjen anerkjenner utfordringane gutane står overfor, både i trafikken og i livet generelt, og understrekar engasjementet vårt for å ta desse utfordringane på alvor, seier Bryner.

Trygg Trafikk samarbeider med Volvo i gjennomføringa av «Ta vare på gutane».

Bilprodusenten, som er leiande aktør innan biltryggleik, deler visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken.