SV opnar for førarkort til 16-åringar på bygda

SV vil sjå på moglegheita for at 16-åringar i distrikta kan ta lappen. Dermed underbyr dei justisministeren, som vil opne for 17-åringane.

NPK-NTB
Publisert

– Vi vil sjå på moglegheita for å gi rett til førarkort for bil for 16-åringar i distrikta, skriv SV i utkastet sitt til nytt partiprogram, som blir lagt fram tysdag.

Førarkort-forslaget er del av ein tiltakspakke som SV kallar «eit løft for ungdommen».

Dei foreslår også seinare start på dagen for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande.

I tillegg blir det foreslått eit nasjonalt månadskort for passasjerar på under 20 år, som gir dei rimelege reiser med buss, tog, ferje og hurtigbåt i heile landet.

Programkomiteen ønskjer også eit nasjonalt program med mål om å skape 50.000 ungdomsjobbar.

Førre veke gjekk justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ut og sa til TV 2 at ho ønskjer å la 17-åringar på bygda få ta førarkort.