Ikkje fortel ein fireåring at ho er fin


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Å ta eit oppgjer med objektivisering av kvinnekroppen burde vere eit større fokus på Kvinnedagen slik eg ser det. Det er brennande aktuelt, og det er noko svært mange jenter og kvinner i alle aldre kan kjenne seg igjen i. Difor skriv eg om dette nettopp i dag.

Pil Teisbo frå Kvinnefronten skreiv i BA for eit par dagar sidan at ein av fire jenter slit psykisk, og at enkeltfaktoren som betyr mest for god sjølvkjensle hos unge jenter går på utsjånad. Det å vere nøgd med korleis ein ser ut, får jenter til å føle seg verdifulle.

Tener milliardar på dårlege sjølvbilete

Sjølv om dette er trist, så overraskar det meg ikkje i det heile. Dette er eit resultat av at fire år gamle jenter får høyre kvar dag at dei er fine, at mødrer pratar om slanking framfor barna sine, at kvinnekroppen er retusjert kor enn vi snur oss og at skjønnheitsindustrien tener milliardar verda over på kvinner sitt dårlege sjølvbilete.

Det er ikkje tilfeldig, det er ikkje rettferdig og det er ikkje din feil. Det går an å gjere opprør, å få eit meir bevisst forhold til kvifor det er slik, og å lære å bli meir glad i seg sjølv. Men det tar ikkje tak i rota til problemet, som er strukturelt. Dette er eit samfunnsproblem.

kvinnekroppen er retusjert kor enn vi snur oss

– Tenk deg om!

Men det betyr på ingen måte at du ikkje kan gjere ein skilnad i kvardagen, for det kan du. Tenk deg om før du kommenterer kjolen til niesa di, og før du fortel vennina di at ho er fin for 899 gong. Og tenk deg endå betre om før du ser stygt på deg sjølv i spegelen mens barnet ditt står ved sidan av deg.

Tenk deg om før du kommenterer kjolen til niesa di, og før du fortel vennina di at ho er fin for 899 gong.

Og vær så snill – ikkje snakk om at du må ut og jogge i morgon fordi du sit og et kake no. Eg blir stadig overaska over kor lite gjennomtenkte kommentarar kvinner slengjer ut om slikt. Då gjer det så vondt inni meg, men eg tørr ikkje å seie noko.

Urettferdig!

For sei meg, kvifor skal vi bruke så mykje tid på hår, kropp og sminke, når det er så mykje anna spennande vi kan bruke tida vår på? Eg nektar å kaste bort tida mi på noko som ikkje betyr noko for meg.

Eg nektar å kaste bort tida mi på noko som ikkje betyr noko for meg.

Astrid Underlid skriv om kroppspress. Foto: privat

Då eg var lita, lurte eg veldig på kvifor kvinner brukte sminke og ikkje menn. Eg synst det var urettferdig, og eg synst det var rart. No synst eg kanskje ikkje det er så rart lenger, men eg synst framleis det er urettferdig. På vidaregåande brukte eg litt sminke på fest, men dei siste åra har eg gradvis kutta det ut.

Og sjølv om eg stort sett har det greit med det, så kjenner eg på presset. Ikkje med venner, men når det kjem til fest, flørting og dating. Eg tenkjer at det er like greitt å la vere, fordi ingen vil ha meg slik som eg ser ut. At eg er lite attraktiv og nedst på rangstigen.

Solidaritet

Å vere morosam og sosialt dyktig kan eg leve lenge på i møte med andre menneske, det får meg til å føle meg som ein god venn. Men eg er så redd for at det ikkje er nok når det kjem til å holde på med eller bli saman med nokon, og det er skikkelig kjipt.

Det var drit då eg var 19 og det er endå meir drit no. Og dette gjeld ikkje berre sminke og styling, det gjeld også kropp. Eg har lært meg å vere glad i kroppen min, men eg føler at samfunnet hatar kroppen min, og det gjer meg redd.

Det var drit då eg var 19 og det er endå meir drit no.

Eg vil ikkje ha det slik, og eg vil ikkje at andre kvinner skal måtte ha det slik. For meg er det solidaritet med andre kvinner som gir meg styrke til å elske meg sjølv og vere den eg er. Eg er så takksam for det fellesskapet, og for at eg får kjempe denne kampen saman med mine søstrer.

Gratulerer med dagen, sterke, modige og kloke kvinner!