Politikk og samfunn

«Når terror blir kalla motstandskamp»

RU kunne markert støtte til palestinske sivile ein kva som helst annan dag enn 7. oktober, skriv Mathias Fremstad Nymo i FpU.

Mathias Fremstad Nymo (24)
Fylkesleiar, Vestland FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er lei av at terror skal pakkast inn i fine ord. At Raud Ungdom (RU) vel å stille seg bak ei markering for «den palestinske motstandskampen» akkurat 7. oktober, reagerer eg på.

Dette er dagen Hamas gjekk til angrep på Israel, drap rundt 1200 menneske og tok 251 som gislar. Likevel stiller RU seg bak ei markering som bruker eit bilete frå angrepet, med Hamas-krigarar og palestinsk flagg. Direktør ved HL-senteret, Jan Heiret, meiner kombinasjonen av datoen, bodskapen og symbolbruken framstår som direkte støtte til terror.

RU seier samstundes at dei ikkje støttar drap på sivile. Men RU-leiar Alexandra Fredwall har òg uttalt at vi i Noreg ikkje kan leggje oss opp i korleis palestinarane fører motstandskampen sin. Når markeringa skjer akkurat 7. oktober, meiner eg det er nødvendig å spørje kvar RU faktisk trekkjer grensa.

quote-left

Eg er lei av at terror skal pakkast inn i fine ord.

quote-right

Det er òg viktig å skilje mellom Hamas og palestinarane. Hamas er ikkje det palestinske folket. Israelarar og palestinarar er ikkje to folkegrupper som utelukkande møter kvarandre gjennom krig og konflikt. I mange år har menneske på begge sider jobba saman, handla med kvarandre og vore avhengige av kvarandre i kvardagen. Før 7. oktober hadde til dømes rundt 140 000 palestinarar arbeid i Israel. Det seier noko om ei verkelegheit som er langt meir samansett enn biletet Hamas prøver å skape av to folk som ikkje kan leve side om side.

At palestinske sivile har blitt ramma svært hardt av krigen, endrar ikkje på kven som gjennomførte terrorangrepet 7. oktober. Det var Hamas, ikkje det palestinske folket. Derfor meiner eg òg det blir feil å omtale handlingane til Hamas som «den palestinske motstandskampen». Palestinarane er meir enn Hamas, og Hamas kan ikkje få definere eit heilt folk.

quote-left

Når markeringa skjer akkurat 7. oktober, meiner eg det er nødvendig å spørje kvar RU faktisk trekkjer grensa.

quote-right

For oss i FpU er standpunktet tydeleg. Både israelarar og palestinarar har rett til å leve i fred, fridom og sjølvbestemming. Israel har rett til å eksistere og forsvare seg mot angrep, samstundes som palestinarane har rett til ein eigen stat og til å leve i fridom og verdigheit. FpU meiner ei tostatsløysing, der Israel og Palestina kan eksistere side om side innanfor sikre og internasjonalt anerkjende grenser, er løysinga ein på sikt må arbeide mot.

Eg er lei av at ein skal vere redd for å seie det openberre fordi temaet er betent. RU kunne markert støtte til palestinske sivile ein kva som helst annan dag. Når dei vel 7. oktober, med denne parolen og denne symbolbruken, må dei òg tole spørsmål om kva bodskap dei faktisk sender.

Hamas er ikkje palestinarane. Og 7. oktober var ikkje frigjeringskamp. Det var terror.