«Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revolusjon»

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kroppshysteri er eit alvorleg problem»

Kroppen din er vakker. Du trur kanskje ikkje på meg, men kroppen din er vakker. Den er ikkje berre vakker, den er nydeleg. Og alle kroppar, uansett størrelse, høgde, vekt eller fasong, er nydelige.

LES OGSÅ: «Difor er Gullbarbie sjukt viktig»

Eg ber på ein draum om å kunne knuse skjønnheits-tyranniet med ein kjempehammar i kveld, slik at vi i morgon brått vaknar opp til eit samfunn der dører har opna seg, og vi aldri vil kjenne behov for å kritisere kroppane våre igjen. Inni oss sjølve. Om oss sjølve, ovanfor andre. Om andre, ovanfor dei.

Eg håpar vi vaknar opp til eit samfunn der marknadsliberalismen er avskaffa slik at skjønnheits-industrien har gått konkurs og ikkje lenger har moglegheit til å utnytte ungdoms usikkerheit til å tene skitne pengar gjennom å eksklusivt bruke supertynne retusjerte modellar i reklamane sine, som i eit kapitalistisk system gjev dei moglegheita til å berre auke denne utnyttinga når det er tilbod og etterspurnad som regjerer, og ungdom kastar seg over dyre produkt og tenester for å fikse på kroppen sin.

Eg skulle ynskje vi kunne vakne opp til å sjå eit mangfald av menneske i media – mangfaldige og unike, men til sjuande og sist heilt vanlege menneske som meg og deg. 

Det er den draumen eg ber på, at vi vaknar opp og brått elskar kroppane våre. Kroppane til menneska rundt oss, at vi kan sette pris på ulikheitene.

LES OGSÅ: «Stopp diskrimineringa av homofile!»

Det er ikkje berre lov å elske kroppen sin, det bør vere ein menneskerett.

For kan ein eigentleg vere lykkeleg om ein ikkje trivast i sitt eige skinn?

Og tru meg, dette handlar ikkje om korleis kroppen din faktisk ser ut.

Eg, og dei fleste andre jenter og gutar i vår generasjon, har prøvd å endre på kroppane våre igjen og igjen og vi har lykkast.

Eg har lykkast, og sjølv om det ikkje var før i ettertid at eg skjønte at eg var altfor tynn og at det ikkje var bra for kroppen min å vere ute av stand til å reprodusere i to år, skjønte eg det etterpå, og endå viktigare, eg skjønte at det på ingen måte gjorde meg det spor lykkelegare, snarare tvert om. 

Kroppshysteri er destruktivt og kan på ingen måte rettferdiggjerast. Det er eit alvorleg problem.

Ifølgje statistikken på settgrenser.no, ynskjer ein av tre trettenåringar å gå ned i vekt, halvparten av norske 15-åringar slankar eller vil slanke seg, 10 prosent av dei som slankar seg vil utvikle anoreksi og kring 100.000 ungdommar slit med eteforstyrringar, der 90 prosent er jenter.

Verst av alt er det at eteforstyrringar er den tredje største dødsårsaka blant tenåringsjenter i Europa, etter kreft og ulykker. Det er noko vi verkeleg burde skamme oss over.

Vi snakkar faktisk om ein industri som – satt på spissen – driv indirekte drap. Det er fanen meg ikkje greitt, og det er faen meg ikkje greitt at denne industrien hindrar deg i å sjå deg i spegelen kvar kveld og elske deg sjølv. For det fortener du!  

LES OGSÅ: Fleire søkjer hjelp for eteforstyrringar

Er du einig? Då håpar eg du føler du har lov til å vise fingeren til retusjert reklame.

At du tenkjer deg om før du uttrykkjer misnøye om kroppen din i samvær med andre.

At du steg for steg prøver å bygge opp ein positiv relasjon med kroppen din slik at du kan vere stolt over den både åleine og saman med andre.

At du deler kunnskapen din og inspirerer andre til å prøve å like kroppane sine akkurat slik som dei er.

Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revolusjon, og den startar med deg!


Statistikk: http://www.settgrenser.no/statistikk.htm

Takk til Olav H. Hauge for inspirasjon