Politikk og samfunn

«Kven skal eige USA dei neste 250 åra?»

Medan USA feirar opprøret mot eineveldet, oppfører presidenten seg stadig meir som ein konge, skriv Sandra Edith Kalland Tenud.

Sandra Edith Kalland Tenud
Sentralstyremedlem i AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På laurdag var det 250 år sidan USA erklærte seg uavhengig. Den amerikanske revolusjonen gav verda radikale idear om fridom, folkestyre og retten til å gjere opprør mot makta.

Jubileet kunne vore ei feiring av desse ideala. I staden har presidenten gjort markeringa til eit statleg tivoli og ein kampanje med angrep på politiske motstandarar.

Medan USA feirar opprøret mot eineveldet, oppfører presidenten seg stadig meir som ein konge.

Maktovergrep og syndebukkar

Donald Trump kom ikkje tilbake til makta åleine. Han blei løfta fram av milliardærar, medieimperium, teknologiplattformer og ei høgreside som var villig til å bøye demokratiske spelereglar for meir makt. Minoritetar blir gjorde til fiendar, institusjonar blir pressa, og lova blir brukt som politisk våpen.

Det er slik fascismen arbeider. Ikkje alltid gjennom eit kupp over natta, men gjennom ei gradvis nedbygging av alt som avgrensar leiaren. Først blir språket hardare. Så blir nokre menneske peika ut som mindre verdige. Til slutt blir overgrepa framstilte som nødvendige.

Pinleg fascinasjon

AUF-leiar Gaute Skjervø har peika på den norske høgresida sin pinlege fascinasjon for Trump. Altfor mange kalla han kul eller meinte media overdreiv faren, også etter storminga av Kongressen 6. januar 2021. Først då politikken hans truga Europa og deira eigen tryggleik, blei det stille. Demokratiet må forsvarast også når det er andre sine rettar som blir angripne.

USA har lenge vore ein av Noregs viktigaste allierte. Det bør landet framleis vere. Men vennskap betyr ikkje lydnad. Ingen supermakt kan få fritak frå folkeretten, menneskerettane eller kravet om demokrati. AUF meiner Noreg må kritisere USA når landet bryt med desse verdiane.

Makt over eige liv

Håpet finst likevel. I jubileumstalen sin snakka New York-ordførar Zohran Mamdani om patriotisme som viljen til å protestere, organisere seg og krevje at landet blir betre. USA er ikkje berre Trump og milliardærane rundt han. Det er også arbeidarar som organiserer seg, innvandrarar som krev å høyre til, og rørsler som har kjempa fram fridom før.

På Facebook-sida si skriv historikaren Timothy Snyder at republikken berre kan overleve dersom han blir betre. Fridom må også bety skular, helsehjelp, rettferd og moglegheiter. Det kan ikkje sameinast med massefengsling, leirar der barn blir sperra inne, etnisk reinsing eller brot på folkeretten. Demokratiet kan heller ikkje overlatast til oligarkar og algoritmar som avgjer kva vi ser, høyrer og snakkar om.

Fridom er ikkje berre retten til å stemme. Fridom er makt over eige liv. Det krev helsehjelp og utdanning for alle, små forskjellar og sterke fellesskap. Det krev eit samfunn der barn ikkje blir sperra inne, algoritmar ikkje styrer samtalen og milliardærar ikkje kan kjøpe seg meir makt enn andre.

Opprør mot makta

Kven skal så eige USA dei neste 250 åra? Oligarkane som trur demokratiet er til sals, eller menneska som organiserer seg for å gjere landet friare og meir rettferdig?

USA blei fødd gjennom opprør mot makta. Håpet for dei neste 250 åra ligg hos dei som vågar å gjere opprør mot henne igjen.