Den redigerte verkelegheita

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette innlegget vart sendt inn til Framtida.no sin skrivekonkurranse om livet på nett.

Den siste tida har det vært store diskusjonar om kva eit godt forbilde for unge er. Bloggarar og andre kjendisar har stor kraft til å påverke unge via sosiale medium i dag, i den grad at vi kan føle eit press til å vere like slanke og fine. Dette er ein farleg veg, og det gjer at tusenvis av ungdom i dag får store problem med seg sjølv.

Ungdom i dag veks opp med eit enormt press frå alle kantar. Eit press for å gjere det bra på skulen, sjå fin ut, ha mange vener, vere god i idrett og mykje meir. I tillegg har vi alle kontoar på Facebook og Instagram der vi kvar dag blar igjennom hundrevis av innlegg, der vaksne og ungdom viser kor perfekte dei er. Dette gjer at gutar droppar frukosten til fordel for proteinpulveret, og at unge jenter bruker tusenvis av kronar på sminke og merkeklede.

Få også med deg dette kåseriet: Alle kvinners ynskjedraum!

Bilda lyg
For det er ein realitet at det er sosiale medium som vi sjekkar kvar dag, opptil fleire gongar, som påverkar oss ungdom mest. Når Fitness-bloggarar med tusenvis av unge følgjarar, postar innlegg der dei fortel at dei gler seg til å få bort feittet på magen når dei ikkje har eit gram feitt igjen på kroppen, så er det klart at ungdom får eit dårleg sjølvbilde.

Det som er mest irriterande av alt, er at bilda lyg. Kjendisar og idrettsstjerner framstiller seg sjølve som vellykka og perfekte, og at dei lever ut draumen fordi dei har jobba hardt nok for det – og så slit dei eigentleg med eteforstyrringar sjølve. Perfekt på Instagram, men slit med livet. For så lett er det faktisk å lyge på nettet. Ein kan gi seg ut for å vere ein heilt annan person enn den ein eigentleg er. Og det kan gå ut over personane som ser på.

Les også: – Lat oss drite i «sommarkroppen», skriv Rikke Næss

Ver ekte
Eg blir kvalm når eg ser innlegg der bloggarar seier at dei har inspirert ein person eller fleire til å trene eller forandre livet sitt, når dei samtidig har øydelagt sjølvbildet til tusenvis av ungdom, og lurt unge til å prøve farlege diettar som dei sjølv anbefalte. For det er det som er verkelegheita.

Alt dette førar ungdom i heilt feil retning, og det blir berre verre og verre. Skal du vere ein offentleg person og ha ungdom som følgjer deg, MÅ du tenkje over kva du deler. Du må opptre som den ekte versjonen av deg sjølv og ikkje som ei slags Barbie-dokke. Det er viktig for oss å ha gode forbilde som vi kan sjå opp til, og ikkje bli sjuke av.

Les også: Media gir ungdom dårleg sjølvbilete

Organisasjonen Press deler kvar år ut ein Gullbarbie til dei som er best på å få unge til å føla seg verst. Les om årets nominerte her!