– Kvifor fare til Syden for å dykke, når ein kan dra til Svestad?
Det spør Einar Yohsuke Kosaka. Han fortel Framtida.no litt om kvifor han er glad i å dykke i Oslofjorden no sumarstid.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kvifor fare til Syden for å dykke, når ein kan dra til Svestad?
– Det er fint å kunne halde på med dykking utan å måtte reise langt. For oss er det ein lågterskelaktivitet her i Oslofjorden, seier Einar Yohsuke Kosaka.

UKJEND: Dykkaren er litt usikker på kva for ein fisk det er som skjuler seg på botnen av Oslofjorden her. Han minner litt om steinbit. Foto: Einar Yohsuke Kosaka
Han og kameratane dykkar langsmed skjær, holmar og øyer. Under vatnet leitar dei etter fine grunner med spennande dyreliv. Dei går ikkje veldig djupt. På djupna er det mørkare og mindre liv å få auge på.
– Dei som ligg og solar seg tenkjer nok ikkje alltid over at det finst so mykje spennande like utfor stranda der dei badar. Mange av dei synest det er gøy når me kjem opp og me fortel kva me har sett. Born kjem springande og spør «kva har de sett?», og vil sjå på bilete som me har teke, fortel Kosaka.
Les også: Folk kjem frå heile verda for å sjå svenske villdyr

FLYNDRE: Dykkaren trur det kan vere ein piggvar han har møtt på her. Han er dyktig i å kamuflere seg langsmed Oslofjorden sin grunne botn. Foto: Einar Yohsuke Kosaka
Starta som sosial studentaktivitet
Einar Kosaka byrja å dykke då han kom til Japan som fersk utvekslingsstudent. Gjennom studentdykking fann han eit godt miljø og ein spennande aktivitet.

KOSMOPOLITT: Kutling-slekta kan ein møte på over mest heile verda, også i Oslofjorden. Foto: Einar Yohsuke Kosaka
– Dykking er sosialt, og det er ein fin måte å kome i kontakt med folk på, seier den ivrige hobbydykkaren og undervassfotografen.
Då han kom heim att til Oslo melde han seg inn i OSI Dykking, studentane i Oslo sin dykkarklubb.
– Me dykkar anten parvis eller i grupper. Det er behageleg å vere saman med andre nede i vatnet utan å snakke. Det er ei litt annleis oppleving.
Under vassflata går det i fingerspråk. Dei peikar på ting dei har sett, kommuniserer om det dei finn og om det dei ynskjer å gjere.

SJELDAN: Hummaren er raudelista og i verste fall utrydningstruga. Fotograf Einar Yohsuke Kosaka møtte denne karen på botnen av Oslofjorden.
Les også: Jusstudent ber unge dra til sjøs
Fin aktivitet å ty til når ein reiser i Noreg
Kosaka har dykka mykje langs norskekysten, mellom Trondheim og Stavanger.

KROSSTROLL: Dette er den vanlegaste arten av sjøstjerner langs kysten av Noreg. Foto: Einar Yohsuke Kosaka
– Dykking er ein veldig fin aktivitet anten du er ute på tur eller heime.
Når medlemer frå studentdykkeklubben fer land og strand i kring langs kysten, bur dei i klubbhusa til andre dykkeklubbar. Her får dei rettleiing frå dei lokale dykkarane, som kjenner terrenget under vassflata og syner fram dei finaste plassane.
Les også: Kråkebollane stikk nordover

UKJEND: Fotograf Einar Yohsuke Kosaka møtte denne fisken i Oslofjorden. Han er ikkje heilt sikker på kva for fisk det er.
Spennande å sjå dei fiskane me alt føler at me kjenner
Noko av det Kosaka set pris på med å dykke heime, er dei varierte undersjøiske landskapa, som til dømes flotte sandsletter.

SPREKT DYRELIV I OSLOFJORDEN: Ein blekksprut. Foto: Einar Yohsuke Kosaka
– I Syden er det eit større spekter av fargar å sjå under vatn, og fisken er meir fargesprakande. I Noreg, derimot, kan me dykke i store tareskogar. Det er flott å sjå dei høge tareblada bylgje att og fram i straumen.
– Korleis er det å observere fisk no i Oslofjorden?
– Eg synest det er gøy å sjå dei fiskane som du veit held til der. Alle kjenner me til breiflabben eller kveita. Og då er det veldig gøy å få sjå dei i fjorden. Det er spennande å sjå ein breiflabb liggje der på sjøbotnen og jakte eller vente på mat.

NAKENSNIGEL: Det finst om lag 70 artar av nakensniglar i norske farvatn. Foto: Einar Yohsuke Kosaka
Kosaka samanliknar ei slik breiflabb-naturoppleving med turar til skogs eller til fjells.
– Eg synest det er veldig fint å kjenne på denne delen av den norske naturen òg.
Les også: Ja til Gaupe i Hordaland

GLØTTAR FRAM: Hummaren stirer fram mot fotgraf Einar Yohsuke Kosaka