Ja til gaupe i Hordaland

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Styresmaktene har gjennom den regionale rovviltnemnda bestemt at det ikkje skal vere gauper og andre store rovdyr i Hordaland. No vil derimot eit fleirtal av fylkespolitikarane at gaupa skal få gå fritt i Hordaland, utan risiko for å bli skoten av jegerar.

– Eg er glad for at vi fekk fatta eit slikt mektig vedtak, seier Geir Angeltveit til avisa. Han fremja forslaget til fråsegn på vegner av Venstre og SV. No oppfordrar han statsråd Ola Elvestuen om å følgje opp vedtaket slik at det igjen kan bli gauper i skogar og fjell i Hordaland.

Geir Angeltveit er medlem av fylkestinget i Hordaland for Venstre. Foto: Venstre

– Sterkt trua

– Gaupe er eit sterkt trua rovdyr som høyrer naturleg heime i faunaen på Vestlandet. Dyret er ingen lystmordar som utryddar heile saueflokkar, slik ulv kan gjere. Gaupa er så vidt eg veit heller ikkje farleg for menneske, seier Angeltveit.

Han trur gaupa kan vere bra for den store bestanden av hjort som ikkje har nokon naturlege fiendar i Hordaland.

Fråsegna frå fylkestinget blei vedteken mot stemmene til Sp, H, Frp og KrF.

LES OGSÅ: Fleire gauper i Skandinavia

Noreg ligg under bestandsmålet for gaupe sjette året på rad

I Noreg er det rundt 58 gaupefamiliar. Det er ein liten auke frå året før, men lågare enn bestandsmålet.

– Det er estimert at det var 57,5 familiegrupper av gaupe i landet i vinter, og det er ein oppgang på to familiegrupper sidan i fjor. Gaupebestanden fortset å stige på nasjonalt nivå, men ligg framleis under det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege familiegrupper som Stortinget har bestemt, forklarar Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.

Ein tidlegare rapport frå Rovdata viser at det er forventa at talet på gaupefamiliar skal auke frå 57 til 62 før jakta 2019.

I Skandinavia er bestanden stabil med 262 familiar, noko som er tilnærma det same som i fjor.

Ein gaupefamilie består av ei hogaupe med ungar. (©NPK)

LES OGSÅ: Sjekk den gaupa!