I morgon er ressursane i verda brukt opp for i år – Noreg er blant forbruksverstingane
Torsdag er jordas naturressursar brukt opp for 2024. Etter dette klarer ikkje jorda å attskape det vi bruker, og vi lever dermed på lånte ressursar.
Verdas Overforbruksdag, eller Earth Overshoot Day, blir markert i år 1. august, ein dag tidlegare enn i fjor. Resten av året lever vi over evne, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF.
– Vi søkk stadig djupare i gjeldssumpen når vi år etter år held fram med å bruke naturressursane våre på kreditt.
På sju månader har altså verda brukt opp naturressursbudsjettet for heile året.
– Alle som har litt økonomisk forståing veit kva som skjer når vi bruker meir enn det vi har råd til. Det endar sjeldan godt, seier Andaur.
Tek til orde for ein meir sirkulær økonomi
Andaur meiner at styresmaktene må ta grep for å bremse forbruket vårt.
– Vi er heilt nøydde til å redusere forbruket vårt og leggje om frå lineære til sirkulær økonomi. Dersom vi ikkje gjer det, vil vi ikkje nå klimamål og risikere fullstendig naturkollaps, seier ho.
Med sirkulær økonomi siktar ein til å ta i bruk ressursane som allereie er vunne ut frå naturen ved reparasjon, gjenbruk og resirkulering.
– Det betyr at vi i større grad må fokusere på å forvalte naturressursar som allereie er i omløp framfor avfallshandtering, seier generalsekretæren.
Noreg i verdstoppen
Datoen 1. august er overforbruksdagen for heile verda samla. I Noreg står det verre til, og vi er på verdstoppen når det gjeld overforbruk. Her fell overforbruksdagen på 12. april, slik han gjorde i fjor.
Berre 24 land har høgare forbruk, viser oversikta frå tankesmia Global Footprint Network , som reknar ut Verdens Overforbruksdag.
– Om alle hadde levd som oss, hadde vi trunge 3,6 jordklodar, seier Andaur.
Verst i klassen er Qatar, som hadde brukt opp naturkvoten sin for 2024 allereie 11. februar.
Det finst samtidig fleire land som ikkje bruker opp naturressursane sine, og dermed ikkje har ein overforbruksdag. Det gjeld til dømes Kenya og Afghanistan.