I dag startar naturtoppmøtet i Colombia – få land har levert planar

Veka før naturtoppmøtet hadde berre 29 av 196 land levert nasjonale planar for korleis dei vil nå målet om 30 prosent vern av natur innan 2030.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Med mindre partane i naturavtalen tar umiddelbare og bestemte grep for å stanse og reversere tapet av naturmangfald, er framtida vår i betydeleg fare, uttalar Teshome Hunduma Mulesa i Forum for utvikling og miljø i ei pressemelding.

I dag startar FNs naturtoppmøte (COP16) i Cali i Colombia.

Det er to år sidan det vart semje om ein naturavtale under naturtoppmøtet i Montréal i Canada. No skal ein sjå på kva som har skjedd sidan avtalen kom på plass og legge planar for vegen vidare.

Teshome Hunduma Mulesa i Colombia. | Foto: Forum for utvikling og miljø

Naturkrise

Nyleg gav Verdas naturfond (WWF) ut ein rapport som syner at verdas dyrebestandar har gått ned med 73 prosent i perioden 1970 til 2020.

– Det krevst ein massiv innsats om vi skal klare å stanse naturtapet før det er for seint, sa generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdas naturfond til VG då.

Mulesa i Forum for utvikling og miljø trekker fram at fleire rapportar, inkludert rapportar frå FNs naturpanel, gjentatte gonger har åtvara om det akutte tapet av naturmangfald.

– Problemet er ikkje manglande forståing av årsakene, som endringar i arealbruk, overutnytting, forureining og klimagassutslepp, men manglande vilje til å reformere systema våre og dempe det aukande forbruket. Det er desse aktivitetane som driv naturkrisa, seier han.

Skal verne 30 prosent av naturen

Toppmøtet i Colombia varar frå 21. oktober til 1. november.

140 regjeringssjefar og statsleiarar, og til saman rundt 12 000 delegatar, er venta å delta på toppmøtet i Colombia.

Mulesa er seniorrådgjevar på naturmangfald og berekraftige matsystem for Forum for utvikling og miljø, og er til stades på møtet.

– Verdas land må adressere dei godt dokumenterte årsakene til naturkrisa gjennom sterke nasjonale strategiar og handlingsplanar, og mobilisere naudsynte ressursar for å nå målet i naturavtalen om å beskytte 30 prosent av prioriterte naturområde og økosystem, og dessutan restaurere 30 prosent av degradert natur både på land og i havet, poengterer han.

Naturavtalen

Landa har blitt einige om vern og bevaring av 30 prosent av eit representativt utval av verdas natur.

Avtalen varar til år 2030.

Avtalen inneheld følgjande mål:

  • 30 % restaurering av øydelagd natur
  • 30 % representativt vern på land og til havs
  • Mål om å redusera introduksjon og etablering av framande artar med 50 %
  • Reduksjon av miljøskadelege subsidiar med 500 milliardar dollar årleg innan 2030

Kjelde: Verda skal verna 30 prosent natur fram mot 2030: – Vil ikkje vera gratis

 

Nokre saker som blir spesielt viktige, er ei meir rettferdig fordeling av ressursar, og finansiering av tiltaka.

Få har levert

Landa som er med på naturavtalen skulle i forkant av møtet fastsetje nasjonale mål og handlingsplanar i samsvar med naturavtalen.

Under toppmøtet vil partane sjå på dei nasjonale strategiane og diskutere system for å kontrollere at planar blir følgde opp.

Ifølgje Forum for utvikling og miljø, hadde 29 av 196 land levert oppdaterte handlingsplanar, medan 91 land hadde lagt fram delvise mål per 16. oktober.

Noreg la fram handlingsplanen sin for natur 27. september. I planen går regjeringa inn for å bevare 30 prosent av arealet på land, men dei har ikkje sett eit mål for vern av norske havområde. Det har fleire miljøorganisasjonar kritisert. Ifølgje FN-sambandet vil vern av havområde vere eit av dei store temaa under COP16 i Colombia.

Fungerande klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) la fram regjeringas stortingsmelding om naturmangfald under ein pressekonferanse i Marmorhallen i Oslo. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB