Kråkebollane stikk nordover

Søking etter kaldare vatn er truleg årsaka til at kråkebollane trekkjer nordover og forsvinn frå Nordlandskysten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store mengder kråkebollar invaderte norskekysten for 40 år sidan. Dei beita ned tareskogen kraftig, og skapte nesten ein ørken utan liv under vatn.

LES OGSÅ: Difor krympar fisken

Kuldeglade bollar
No viser ein ny studie at kråkebollane trekkjer nordover og forsvinn frå Nordlandskysten. Forskarar meiner det kjem av temperaturauke.

– Kråkebollelarvane overlever ikkje vasstemperaturar som er høgare enn 10 grader, og klimaendringar kan vere ei viktig årsak til nedgang i kråkebollepopulasjonar, seier doktorgradsstipendiat Camilla With Fagerli i Norsk institutt for vassforsking (Niva) på nettstaden Forskning.no.

– Jamn tilvekst av kråkebollar i kalde område i nord bekreftar ein sannsynleg samanheng mellom klimaendringar og tilbakegang av kråkebollar lengre sør, seier Fagerli.

LES OGSÅ: Fanga monsterfisk

100 per kvadratmeter
Gjennom tre år har Fagerli og forskarkollegaer i Niva samanlikna tilveksten av kråkebollar ved Vega på Helgeland med tilveksten ved Hammerfest i Finnmark, der det ikkje er teikn til gjenvekst av tareskog og der kråkebollane lever i tettleik på opp mot 100 individ per m².

– Dei siste åra har ein reduksjon av kråkebollar og lågare beitepress ført til reetablering av produktiv tareskog langs Helgelandskysten, seier Fagerli.