Ber ungdom dra til sjøs

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jusstudent Johan Holmen er oppvaksen ved Trondheimsfjorden og bur no like ved Byfjorden i Bergen. Men han bruker ikkje sjøen. Han har aldri fiska i dei to byfjordane.

– Eg trur det at ungdom brukar sjøen mindre enn tidlegare generasjonar, er eit teikn på samfunnsutviklinga. Før var fiske ein viktig næringsveg, ein måtte gjere det for å få mat, seier Holmen.

Meir enn vasski
Arild Berge ved Sandviksboder Kystkultursenter ynskjer å lære opp den oppveksande generasjonen til å nytte ressursane som finst like i nærleiken.

– Vi ynskjer at folk skal lære seg å bruke sjøen til noko anna enn berre å køyre vasski, seier Arild Berge ved Sandviksboder Kystkultursenter.

– Eg vart kjempeoverraska over å finne ut at mange ungdomskuleelevar ikkje kan bak-fram på ei fiskestong ein gang. Og det gjeld både i byen og i landlege kystkommunar, seier Tore Solberg ved kystkultursenteret.

LES OGSÅ: Håvard bur i båten året rundt

Bur rett ved sjøen
Men det er ikkje bere dei unge som treng ein dytt bak, ifølgje Solberg:

– Eg hugsar vi hadde med oss nokon vaksne som bur like ved her. Dei hadde budd her heile livet, men hadde aldri vore på sjøen. Dei vart så overraska over at dei kunne få flott fisk rett her ute. Vi auste opp flott sei, fortel Solberg.

No ynskjer kystkultursenteret å lære opp den oppveksande generasjonen med kystfolk. Dei har i haust byrja med å arrangere kurs i fritidsfiske på sjøen. Interessa har vore svært høg. Framover vert det endå fleire kurs.

– Her i Bergen er det typisk at ein ikkje har peiling på sjø. Mange er svært erfaringsfattige på dette, seier Solberg.

Dei to meiner at sjø og fiske bør få meir opplæring i skulen.

– Skulevesenet burde like naturleg ha båtførarprøven som mopedlappen, seier Berge.

LES OGSÅ: Skuledag ut mot havet

NY KUNNSKAP: Å lære å styre båten er ein av dei praktiske oppgåvene elevane får lære på ein annleis skuledag saman med spesialpedagog og skipper Tore Solberg.

Inviterer unge ut
Odd Nakken (76) er ein av Noregs fremste når det gjeld kjennskap til sjøen. Nakken er tidlegare havforskar og direktør ved Havforskingsinstituttet. Inntil nyleg har han vore på sjøen kvar einaste veke.

– Eg har satt garn ut på fredagen og henta det inn på laurdag. Då har vi hatt fisk til den kommande veka, fortel han.

Han er bekymra over utviklinga no.

–  Kyst- og sjøkulturen i ferd med å gå drastisk ned. Eg trur det er færre som bruker sjøen for å fiske fisk no. Ikkje berre i kystbyane, men òg utover på landsbygda som Øygarden kor eg kjem frå. Viss vi går tilbake to generasjonar var omtrent alle ute og fiska.

– Kvifor trur du det er slik?

– Eg forstår det ikkje heilt. Det kan vere at folk har det travelt og er i arbeid. Mi erfaring er at folk er svært lite på sjøen, unntatt om sommaren, seier Nakken.

LES OGSÅ: Raude veljarar fiskar mest

Færre fangar maten sin sjølv
Sjølv om kystkultursenteret og andre meldar om at det er færre som fiskar og har kjennskap til bruk av sjøen, finst det ingen totaloversikt over talet på fritidsfiskarar før og no.

– Det er svært vanskelig å få ei oversikt over kor mange fritidsfiskarar det er i Noreg eller kor mykje dei fisker. Antakeleg utgjer fritidsfiske framleis ein stor del av fangsten i kystsonen, seier doktorgradsstipendiat Keno Ferter ved Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet.

Men det ein kan slå fast er at dagens unge haustar mindre enn før.

– Vi ser at det er ein generell nedgang blant aktive ungdom og unge vaksne når det gjeld haustingsaktivitetar, deriblant fiske, seier seniorforskar Harald Aas ved Norsk institutt for naturforsking.