Andam Aziz i UngKurd Norge: – Familien til Gülizer Tasdemir vert truga på livet

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 13.07.2018 14:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk-kurdisk aktivist: – Familien til Gülizer Tasdemir vert truga på livet

– Eg har nyleg fått vite at familien til Gülizer er truga på livet, seier Andam Aziz (26).

Foreldra til utsende Gülizer Tasdemir skal òg ha vorte bedne av anti-terrorpolitiet om å nekte for at ho er dottera deira. 

Aziz er aktiv i UngKurd Norge Riksforbundet, og er for tida i den kurdiske delen av Irak. Framtida.no har difor intervjua han over chat. 

Les også: Taher Tamimi sat fire år i fengsel i Iran og vart utsett for tortur

Arrestert av berykta politistyrke på flyplassen

Gülizer Tasdemir er kurdar frå Tyrkia. Før ho kom til Noreg var ho medlem av PKK-geriljaen i over 20 år. Der kjempa ho i dei kurdiske fjella i Aust-Tyrkia for eit fritt Kurdistan, seier Aziz.

Sidan Tasdemir søkte asyl i Noreg i oktober 2015 har Andam Aziz brukt mykje tid med henne. Han har òg jobba for at Noreg ikkje skulle utlevere henne til Tyrkia, men det skulle vise seg å vere fåfengt.

Torsdag denne veka sende UNE (den norske utlendingsnemnda) Tasdemir med fly til Tyrkia. So snart flyet landa på lufthamna i Istanbul vart ho arrestert av det illgjetne tyrkiske antiterrorpolitiet, PÖH, som er kjent for å nytte seg av tortur.

Les også: Amnesty: Svært sjeldan at amerikanarar som har torturert og myrda sivile afghanarar får noko straff

Har ikkje fått møte familie eller advokat

– Kvifor trur du at Tasdemir vert torturert?

– Den einaste informasjonen eg har er at ho korkje får møte familie eller advokat, og at ho er under forhøyr.

Aziz meiner det burde vore lett for politiet å få til eit ti minutt langt møte mellom den arresterte og advokat eller familie.

– At ho ikkje får møte nokon tolkar eg dit at ho vert torturert eller kjem til å verte det, seier Aziz.

Han seier tyrkisk etterretning er kjent for å bruke tortur, især mot kurdiske aktivistar.

– Kva har tyrkisk etterretning/antiterror-politi å vinne på å torturere henne?

– Dei ynskjer å spørje henne ut om ting som har med PKK å gjere. Gülizer vil aldri gje informasjon til tyrkisk etterretning, so difor er sjansen stor for at dei nyttar tortur.

Les også: – Dagens asylsystem lokkar unge i dødsfeller

UNE påstod at Tyrkia var trygt for Tasdemir

Etter å ha fått avslag på asylsøknaden sin i Noreg, reiste ho til Tyskland og søkte der. Tyske styresmakter sende henne attende til Noreg. Det hadde Tyskland juridisk rett til ettersom det var til Noreg Tasdemir hadde flykta fyrst.

Men dersom urettvis fengselstraff og tortur ventar Tasdemir i Tyrkia, har ikkje Noreg hatt juridisk rett til å utlevere henne dit. Utlendingsnemnda har derimot hevda at dette ikkje var nokon risiko. 

Les også: Fleire forfylgde studentar får fullføre utdanninga si i Noreg

Tyrkiske media: Ein terrorist er gripen

Aziz synest det er rart at UNE kunne hevde å tru at Tyrkia var ei trygg hamn for Tasdemir. I 2013 sende nemleg påtalemakta i den austtyrkiske byen Erzurum ut ei arrestordre på henne for å vere medlem av «ei væpna gruppering», fortel han.

– Alle aktivistar som er imot Erdogan vert arresterte. Her har me ei kurdisk kvinne som har ofra dei beste åra av livet for eit betre Tyrkia. Sjølvsagt vart ho arrestert, seier Aziz.

Han seier alle kurdarar visste dette og at UNE også har vorte åtvara av Amnesty.

– UNE hevda derimot at ho var trygg. Men no skriv tyrkiske media at ein «terrorist er gripen».

Les også: Lovframlegg om å gjere regnbogeflagget forbode i Egypt

Den tyrkiske ambassaden og UNE heldt stengt då Framtida.no skreiv denne saka. Me skal prøve å kome i kontakt med dei på måndag.