Fleire forfølgde studentar får fullføre utdanninga i Norge

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over heile verda blir studentar straffa for å engasjere seg for demokrati og menneskerettar.

Students at Risk har sidan 2015 vore ei mellombels ordning i Noreg. Ordninga gjer at studentar som av tryggleiksmessige årsaker ikkje har høve til å halda fram studia i heimlanda sine kan fullføra høgare utdanning i Noreg. Prøveordninga på to år vart utvida med eit tredje opptak av studentar hausten 2017, og no eit nytt opptak hausten 2018.

Beathe Øgård er leiar i SAIH. Foto: SAIH

– Vi er veldig glade for å kunngjere at Utanriksdepartementet har løyvd midlar til å vidareføra ordninga med nytt opptak 2018, seier Beathe Øgård, leiar i SAIH.

Ho meiner òg at ordninga bør vere permanent.

– Vi veit at denne ordninga betyr mykje og er glade for at så mange har eigarskap til ho. Ordninga sender eit viktig signal til autoritære regime om at vi støttar studentar i deira kamp for demokrati og menneskerettar, avsluttar Øgård.

Brei støtte til ordninga

Students at Risk gjeld for studentar i land som er mottakarar av offisiell utviklingsbistand, og som over tid aktivt og utan omsyn til eigen tryggleik har involvert seg i arbeid for å fremja menneskerettar og demokratiutvikling.

Leiar i NSO, Mats J. Beldo. Foto: NSO/Skjalg Bøhmer Vold

– Sidan starten har diverre endå fleire som kjempar for rettane til studentane vorte møtt med utvising, trugsmål, fengsling og vald. Situasjonen er kritisk for rettane for studentar mange stadar. Dette åleine illustrerer behovet for å vidareføra ordninga, seier Mats Beldo i NSO.

Våren 2017 gjennomførde SAIH og NSO ein kampanje for å auka fokuset på ordninga, og starta ein eigen supporterklubb for «dei modigaste studentane i verda». Kampanjen fekk brei støtte i norsk høgare utdanning, politiske ungdomsparti og ei rekkje andre nasjonale interesseorganisasjonar for studentar og akademikarar.

SAIH, NSO og 12 rektorar ved norske høgskular og universitet gjekk samla ut og rådde til at ordninga skulle halde fram.