– Sivile tap blir ikkje granska i Afghanistan
Amnesty International går hardt ut mot USA si handtering av sivile dødsfall i Afghanistan.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kritikk mot USA om Afghanistan
Den tidlegare amerikanske soldaten Robert Bales sonar ein livsstidssom for å ha skote ned og drepe 16 sivile afghanarar i 2012. Ifølgje ein rapport nyleg publisert av Amnesty International er det svært sjeldan at amerikanske soldatar som har torturert eller drepe sivile afghanarar blir halde rettsleg ansvarlege.
I rapporten har Amnesty granska ti tilfelle der sivile liv har gått tapt, som følge av internasjonale militære operasjonar i Afghanistan mellom 2009 og 2013. I ni av dei ti tilfella hadde ikkje overlevande, pårørande eller augevitne blitt intervjua av etterforskarar frå det amerikanske militæret i etterkant.
No går organisasjonen hardt ut mot amerikanske styresmakter si handtering av dødsfalla.
LES OGSÅ: Augevitne frå Vestbreidda
Nær umogleg å få oppreising
Ghulam Noor mista dottera Bibi Halimi (16) då det amerikanske militæret slapp to bomber over Laghman-provinsen i 2012. Seks andre kvinner vart drepne, og sju vart skada i åtaket. Ingen har nokon gong kontakta Noor eller familiemedlemmane til dei andre som mista livet, korkje for å granske eller forklare kvifor åtaket fann stad.
Sjølv har Noor og andre familiemedlemmar forsøkt å få det afghanske rettsvesenet til å granske saka, men dette har liten verdi, ettersom internasjonale styrkar er immune i det juridiske systemet i landet.
LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza
Ifølgje Amnesty-rapporten er bombinga i Laghman berre éi av mange liknande hendingar. Berre i perioden 2009 til 2013 vart over 1800 sivile afghanarar drepne av amerikanske soldatar eller andre NATO-styrkar.
Hendingar som den i Laghman vert korkje granska eller straffa, hevdar organisasjonen.
– I majoriteten av sakene, sjølv når tilgjengeleg bevis tyder på at drapa er ulovlege, har familiemedlemmane minimal sjanse til å oppnå rettferd, heiter det i rapporten.
– Gjer ikkje uavhengige undersøkingar
Amerikanske styrkar har utgjort brorparten av dei internasjonale styrkane i Afghanistan. Hovudfunnet i rapporten er at prosedyrane til det amerikanske militæret på langt nær sikrar rettferd og kompensasjon for dei pårørande.
– I svært mange saker der det er truverdig bevis på ulovlege drap på sivile, har ikkje militæret gjort grundige og uavhengige undersøkingar, står det i rapporten.
Rapporten er mellom anna basert på intervju med 125 offer, familiemedlemmar og augevitne til åtak der sivile har blitt drepne.
LES OGSÅ: – Korleis turde du, når du var så ung og Taliban så farlege?
Ifølgje internasjonal humanitær lov er ikkje alle sivile dødsfall i væpna konflikter nødvendigvis juridiske brotsverk. I tilfelle der sivile til dømes har blitt drepne ukritisk eller med overlegg, skal hendingane granskast. Dersom undersøkinane syner at krigslover er blitt brotne, skal sakene etter lova verte rettsleg forfølgt. Funna til Amnesty tyder på at dette sjeldan skjer.
Geita passar havresekken
Årsaka er mellom anna avgjerande strukturelle feil i det amerikanske militære rettssystemet, ifølgje organisasjonen.
– Mest avgjerande er det at det militære rettsystemet er styrt av befala sjølve. I tillegg er evalueringar av hendingar i stor grad basert på soldatane sine forklaringar, heiter det i rapporten.
Men troppane har få insentiv for å rapportere moglege brot oppover i kommandorekkja, og mange grunnar til å la vere. Befala har også få grunnar til å initiere undersøkingar, særleg dersom det kan bli stilt spørsmål ved handlingane eller dømmekrafta til befala sjølve.
LES OGSÅ: Lang veg til demokrati
Med grunnlag i desse hindringane er det ikkje rart at få saker vert tekne til retten, skriv Amnesty i rapporten.
Organisasjonen peikar i tillegg på manglande openheit i det amerikanske militæret.
Amnesty International kjem med fleire reformforslag til amerikanske og afghanske styresmakter og til NATO. Både strukturelle endringar i det militære rettsystemet og rettferd for dei afghanske familiane som har mista familiemedlemmar er naudsynt, skriv organisasjonen.
LES OGSÅ: Gjennom mørke linser
Faktaboks
Amnesty International har gjort undersøkingar i Afghanistan i juli 2013 og mars 2014.
Delegatar har intervjua både sivile overlevande etter internasjonale militære operasjonar, familiemedlemmar til sivile som har blitt drepne i slike operasjonar, og augevitne.
Totalt intervjua Amnesty 125 personar med førstehandskjennskap til 16 åtak, der sivile liv gjekk tapt.
Amnesty har i tillegg gjennomgått ein database med 97 rapporterte hendingar, der minst to sivile har blitt drepne i internasjonale militæroperasjonar.
Delegasjonen frå Amnesty snakka i tillegg med ei rekkje andre personar i Afghanistan, som menneskerettsaktivistar, journalistar, representantar for sivilsamfunn, styresmakter og lokalt politi.
Organisasjonen strekar under at Taliban og andre partar i konflikta står bak størsteparten av dei sivile tapa i Afghanistan i seinare år.