Kva betyr eigentleg symbolet som tyrkiske Merih Demiral gjorde under kampen mot Austerrike?

Edvard Storm Simonsen
Publisert

EM-kampen mellom Austerrike og Tyrkia har skapt overskrifter, og ikkje berre av sportslege grunnar. No er hovudpersonen utestengd.

Kontroversiell målfeiring

Under tysdagens kamp mellom Tyrkia og Austerrike i Leipzig, feira den 26 år gamle forsvarsspelaren Merih Demiral sitt andre mål med ei kontroversiell helsing.

Han heldt henda i vêret og heldt ringfingeren og langfingeren mot tommelen, med peikefingeren og veslefingeren opp.

Dei grå ulvar er ikkje ukjende i Tyskland. Her er logoen på ein bil i München i 2019. Foto: Henning Schlottmann/Wikimedia Commons (CC BY-SA 4.0)

Dette skal etterlikne forma på eit ulvehovud, eit symbol for den høgreekstreme og ultranasjonalistiske organisasjonen Dei grå ulvar i Tyrkia. 

Gesten utløyste sterke reaksjonar i Tyskland. Innanriksminister Nancy Faeser fordømte gesten på X. Den tyske politikaren Cansu Özdemir meiner gesten symboliserer ein «mordarisk ideologi».

Den armensk-amerikanske organisasjonen Anca skriv på X at Demiral bør verte utestengd på livstid.

Tyrkia er veldig misfornøgd med desse reaksjonane. Dei meiner Demiral vert utsett for xenofobi

 

Etter kampen fekk Demiral spørsmål om kva han meinte med feiringa.

– (…)Eg hadde ei spesifikk feiring i tankane, og det er den eg gjorde. Det har å gjere med min tyrkiske identitet, for eg er veldig stolt over å vere tyrkar. Eg følte det spesielt etter det andre målet, så då gjorde eg gesten og eg er veldig glad for at eg gjorde det. Eg såg supporterar på tribunen som også gjorde den gesten. Det minna meg på at eg skulle gjere det, sa han ifølgje NRK.no.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har endra reiseplanane sine for å støtta den utestengde spelaren. Foto: Rory Arnold/No10 Downing Street

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan skulle eigentleg delta på ein konferanse i Aserbajdsjan, men har no bestemt seg for å fly til Berlin for å sjå laurdagens kamp mot Nederland for å vise sin støtte til Demiral og det tyrkiske landslaget.

Utestengd

Fredag bekreftar UEFA det mange har venta, at Demiral er utestengd. Han må stå over Tyrkias neste to kampar, som betyr at han går glipp av EM-kvartfinalen mot Nederland, i tillegg til ein eventuell semifinale.

Grunnen for utestenginga er «… brot på de grunnleggjande reglene for anstendig oppførsel, for å bruke et idrettsarrangement til å ytre et bodskap av ikkje-sportsleg karakter og for å sverte fotballens rykte.»

Det tyrkiske fotballforbundet ankar saka.

Slik ser logoen til Dei grå ulvar ut. Illustrasjon: www.ulkuocaklari.org.tr

Dei grå ulvar

Dei grå ulvar, som mange meiner Demiral hadde i tankane då han gjorde gesten, er ein organisasjon som ofte vert omtala som ultranasjonalistisk, neofascistisk og rasistisk. Dei er ungdomspartiet til det høgreradikale Det nasjonale aksjonspartiet (MHP), som er ein støttespelar til Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

Dei grå ulvar vaks fram på 1970- og 1980-talet og spelte ei rolle i ei rekke massakrar og attentat i Tyrkia. Ifølge tyrkiske myndigheiter drap dei 694 menneske i perioden 1974–1980.

Ideologien deira er bygd på at den tyrkiske «rase» og nasjon er overlegen resten av verda. Dei vil ha det dei kallar ein ideell nasjon som er sunni-islamsk og monoetnisk, altså at det berre bur «ekte tyrkarar» der.

Dette betyr at det for eksempel ikkje er plass til kurdarar, armenarar, kristne, jødar eller grekarar i deira perfekte Tyrkia.

Dei omfamnar antisemittiske konspirasjonsteoriar og det seiast at dei har distribuert den tyrkiske omsetjinga av Adolf Hitlers Mein Kampf.

Nasjonalisme i Tyrkia

Nasjonalismen i Tyrkia har djupe røter som strekkjer seg tilbake til etableringa av det moderne Tyrkia i kjølvatnet av Det osmanske rikets fall og opprettinga av den tyrkiske republikken for 101 år sidan.

Mustafa Kemal Atatürk (1881-1938) sekulariserte og moderniserte Tyrkia. Foto: Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Republikken vart grunnlagt av Mustafa Kemal Atatürk, som innførte ei rekke reformer for å modernisere og sekularisere det nye Tyrkia, samtidig som han fremma ei sterk form for nasjonalisme som var sentral i bygginga av ein ny nasjonal identitet.

Gjennom 1900-talet utvikla nasjonalismen i Tyrkia seg i ulike retningar. På den eine sida har det vore krefter som har prøvd å oppretthalde Atatürks sekulære verdiar. På den andre sida har det vakse fram ein meir etnisk, kulturelt og religiøst basert nasjonalisme, som har kome til uttrykk gjennom høgreorienterte parti og grupperingar som Dei grå ulvar.

I nyare tid har president Recep Tayyip Erdogan og hans parti, Rettferds- og utviklingspartiet (AKP), brukt nasjonalistisk retorikk for å appellere til veljarar.

Denne nasjonalismen har både i fortida og no under Erdoğan gått hardt utover landets minoritetar. Det bur mellom 12 og 15 millionar kurdarar i Tyrkia. Det utgjer ein femtedel av befolkninga.

På grunn av nasjonalismen har kurdarane vorte møtt med undertrykking, politisk forfølging og diskriminering. Kurdisk språk og kultur har vorte forbode i Tyrkia, noko Tyrkia har vorte dømd for i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Fotball og politikk

Merih Demirals gest er ikkje første gong Tyrkia, fotball og politikk verte kopla saman. Eitt av dei mest kjende døma på koplinga er interaksjonen mellom den tyrkisk-tyske fotballstjerna Mesut Özil og president Recep Tayyip Erdogan.

I forkant av VM i fotball 2018 møtte Özil den tyrkiske presidenten og poserte for bilete med han, noko som resulterte i overskrifter og kontroversar i Tyskland. Özil vart kritisert for å blande seg inn i politikk og for å uttrykke støtte til ein kontroversiell politikar, noko som etter kvart førte til at Özil trakk seg frå det tyske landslaget.

I tillegg kritiserte han Det tyske fotballforbundet for diskriminering og manglande respekt for sin tyrkiske bakgrunn.

Mbappé viser veg

Fotball-VM i Qatar, OL i Beijing og den omdiskuterte ligaen i Saudi-Arabia er døme på at autoritære regime brukar sport som eit verktøy i å reinvaske seg sjølv. I dette dømet med Demiral er det utøvaren sjølv som brukte idrettsarenaen til å gi eit politisk bodskap.

Det finst gode argument for at sport og politikk ikkje bør verte heilt skilt. Frankrikes stjernespiss Kylian Mbappé snakka om valet i Frankrike og oppmoda folk til å stemme og forhindre at dei høgreradikale kjem til makta. Det må vere greitt.

Men støtte til neofascistiske, valdelege organisasjonar er det greitt å slå ned på.