Før Taher Tamimi kom til Noreg sat han i fengsel i fire år i Iran og vart utsett for tortur. No kjempar han for menneskerettar i landet han kallar sin fiende.

Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt
Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

Taher Tamimi kallar seg politisk aktivist og jobbar for menneskerettar i heimlandet Iran. 21. mai 2013 kom han og familien til Ørsta, og dei trivst her. Tamimi er frå provinsen Al-Ahwaz i Iran som det har vore mykje uro i, og som har fått søkelyset på seg både frå FN og Amnesty.

– Der kjempa eg for mitt folk som var under trykk frå styresmaktene. I 2005 prøvde vi å flykte frå Iran til Tyrkia, men vi vart stoppa av etterretningstenesta.

Tortur
Tamimi fortel at han vart fengsla i august 2005.

– Eg vart torturert i ni månader før eg vart flytta til eit fengsel der eg var i fire år. I løpet av desse åra vart eg heile tida utsett for tortur på forskjellige måtar som ingen kan tenke seg, seier Tamimi som har opplev offentleg hengingar av venner som snakka styresmaktene imot.

Fengselsstraffa han fekk var på femten år, men då han fekk sjansen til å rømme etter fire år tok han den og kom seg ut av Iran.

I Genève
Det Tamimi opplevde i heimlandet har sett spor. Då han kom til Ørsta gjekk han til psykolog i 4–5 månader for å bearbeide opplevingane. Engasjementet mot urett har han teke med seg, og dei to siste åra har han vore i Genève og teke del i konferansen til FN sitt Menneskerettighetsråd.

– Eg vil kaste lys over dei problema som er i Iran, og regimet der er imot menneskerettar. Minoritetane i Iran har ikkje rettar, hevdar Tamimi.

Snakka med Shaheed
I Genève har Tamimi m.a. fått møtt og snakka med Ahmed Shaheed, som er FN sin spesialrapportør på menneskerettar i Iran. Oppgåva til Shaheed er å overvake og undersøke brot på menneskerettar i Iran.

– Shaheed har ikkje fått kome inn i Iran på fem år sjølv om det var bestemt at han skulle få innreise, hevdar Tamimi.

Tamimi er medlem av Ahwazi Democratic Popular Front. Ifølgje Wikipedia jobbar denne gruppa for menneskerettar og demokrati for iranske arabarar og har base i London. Lokalt har Tamimi meldt seg inn i Arbeidarpartiet, og i fjor deltok han på ein demonstrasjon mot IS i Volda.

– Kvar søndag har eg også eit tv-program på GunazTV som varer i to timar, og eg arbeider for fridom.

– Slik du ser det har situasjonen i Iran endra seg sidan du flykta?

– Det har vorte verre, og fleire vert avretta. Fleire vert fengsla og situasjonen vert verre. Om du som journalist eller andre frå FN hadde fått kome inn og sett kva som skjer i fengsla så hadde de funne sanninga.

– Eg seier ikkje lenger at eg er frå Iran
Ein dag har Tamimi von om å kunne reise tilbake til eit Iran som er demokratisk og respekterer menneskerettar.

– Ja, eg har håp om at verda kan presse Iran til å respektere menneskerettar, og eg vil arbeide med dette målet og for forandring.

Ifølgje Tamimi vert arbeidet han gjer forstått i Noreg, og han svarar flittig når han får spørsmål om situasjonen i heimlandet.

– Eg seier ikkje lenger at eg er frå Iran, men frå eit arabisk land. Eg tenkjer at Iran er heimlandet, men Iran er min fiende og ikkje mitt land. Vårt land er okkupert, og vi kan arbeide i 20–30 år til før situasjonen løyser seg.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE