Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Homo-lov i Egypt vekkjer sterke reaksjonar

22. september vaia egyptiske publikummarar med regnbogeflagget under ein konsert spelt av den skeive artisten Mashrou Leila. Dei vart alle arresterte, og berre dagar seinare kom det eit nytt lovforslag i Egypt: Sex med nokon av same kjønn, forsamlingsstadar for homofile og symbol som viser støtte til homofili, er foreslått forbode.

I tillegg foreslår regjeringa fengselsstraff til personar som leigar ut bustad til nokon som har sex med same kjønn.

— Dette er forferdeleg, det kan ikkje seiast på nokon annan måte. Desse nyhenda nådde oss gjennom LHBT-aktivistar i Egypt, og alt skjer veldig fort, seier leiar i FRI, Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, Ingvild Endestad.

Ingvild Endestad. Foto: Mario Calvo

Plutselege massearrestasjonar

I Egypt har det tidlegare vore opent for straffeforfølging av homofili i lovverket, men det har ikkje vore ulovleg å vere LHBT-person i landet.

— Vi ser i enkelte land at styresmakta prøver å styre med jernhand og at dei ved utfordringar kneblar meiningsmotstandarane. LHBT-minoritetar er enkle å peike ut, fordi dei har lite støtte og låg status i befolkninga.

Endestad fortel at styresmaktene i Tanzania, Indonesia, Tsjetsjenia og Aserbajdsjan plutseleg har massearrestert antatte homofile.

— Det er vanskeleg å seie heilt kvifor det skjer no. Situasjonen i Egypt er uoversiktleg, og det har skjedd mykje på kort tid. Vi bør uroe oss når lovar plutseleg endrar seg kjapt. Det er aldri eit godt teikn, seier ho.

Menneskerettane er trua

— Kvifor er styresmaktene så redde for ein minoritet?

— Hadde dei trudd at LHBT berre var ein liten minoritet, ville dei ikkje brukt så mykje tid på å kneble oss. Enkelte styresmakter er redde for meiningsmotstandarane som kan true deira makt. I Egypt blir LHBT-personar sett på som ein tssel mot nasjonens tryggleik.

Går lovforslaget gjennom, risikerer alle seksuelle minoritetar, dei som støttar LHBT-saka, eller berre er mistenkt for å gjere det, mellom eitt og tre år fengsel.

— Det å kunne samle seg og ytre seg er ein menneskerett. Alle seksuelle minoritetar og dei som støttar saka bli straffa like hardt, og det blir ikkje høve for sosiale forsamlingar.

— Noreg må vere tydelege

Endestad meiner at Noreg bør vere heilt tydelege på menneskerettane i møte med Egypt. Her har den nye utanriksministeren ein jobb å gjere, meiner organisasjonen.

— Alle menneske har like mykje rett på privatliv og fridom. Menneskerettar er ikkje oppe til forhandling, seier Endestad.

Leiar i FRI, Ingvild Endestad, held appell utanfor den egyptiske ambassaden etter eit nytt lovforslag mot homofili i landet. Foto: Petter Ruud-Johansen

FRI har kontakt med menneskerettsaktivistar over heile verda. Den daglege leiaren trur at kompetansen på kjønn og seksualitet er for dårleg i Noreg. LHBT-personar som blir forfølgde og risikerer å bli drepne i eigne land, har rett på asyl i Noreg. Men handhevinga for dette kunne vore betre, meiner FRI.

— For dei som må flykte er det viktig å kunne kome til eit trygt land. Mange som kjem til Noreg blir ikkje trudd og får ikkje asyl når dei treng det. Men asyl er ikkje det einaste svaret. Folk skal ha rett til å leve som homofile i sine eigne land.

Målretta forfølging på homofile

Då FRI fekk høyre om lovforslaget frå sine egyptiske kollegaar, vart folk redde. Organisasjonen jobbar no på spreng med å få oversikt over situasjonen i Egypt.

— Folk er i sorg, dei er redde for liva sine og for landet sitt. Det er vanskeleg å setje ord på korleis dette er for dei. Det gjer noko med oss som minoritet. Både i Egypt og i ei rekkje andre land går det føre seg ei målretta forfølging på oss, seier Endestad.

Ingen veit førebels når lovforslaget blir vedtatt, eventuelt avslått. Fleire av FRI sine 3200 medlemmar demonstrerte utanfor den egyptiske ambassaden i Oslo rett etter massearrestasjonen.

— Verda har kome lenger nokon stadar, og går tilbake andre stadar. Dette er ei kraftig påminning om å halde fram med arbeidet og ikkje tru at vi kan ta fridomen vår for gitt.