– Dagens asylsystem lokkar unge i dødsfeller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dagens system er ei dødsfelle

Sylo Taraku kom sjølv som asylsøkjar til Noreg som 18-åring, og har blitt ei viktig stemme i innvandrings- og integreringsdebatten. Denne veka kom han med boka Innvandringsrealisme, der han legg fram eit forslag til ny asyl- og innvandringspolitikk i Noreg.

Taraku har tidlegare jobba som underdirektør i UDI, og gjennom jobben i UDI så såg han svakheitane på nært hald.

– Det magiske ordet asyl gjer at alle som kjem i dag har rett til å få søknaden sin handsama, forklarer han.

LES OGSÅ: Ikkje sidan 1993 har det kome så få asylsøkjarar på éin månad

Seier nei til irregulær innvandring

Taraku tek no til orde for eit heilt nytt asylsystem:

• Mottak av flyktningar til Europa bør i større grad baserast på kvoteordningane til FN og i mindre grad på båtflukt og anna irregulær innreise og asyl ved yttergrensene til Schengen.

• Retten til varig opphald i Noreg etter søknad om asyl bør i utgangspunktet ikkje gjelda for personar som ikkje er forfølgt på individuelt grunnlag.

• Noreg og EU bør bruka meir ressursar for å ta vare på flyktningar i nærområde.

• Det bør opprettast eit særskilt verneprogram for menneskerettsforkjemparar.

I onsdagsutgåva av VG tek han i ein kronikk for seg fem prinsipp for flyktningpolitikken.

Støttar menneskesmuglarar
Asylordninga er ein viktig del av den humanitære arva til Europa. Noreg og mange andre europeiske land ynskjer enno å kunna gi menneske på flukt ei frihamn. Dagens asylreglar gjev alle som søkjer om asyl rett til at asylsøknaden blir vurdert.

I 2015 kom det over ein million asylsøkjarar til Europa. 160.000 til Sverige, og 30.000 til Noreg.

Praktiseringa av asylretten gjer at potensielt mange millionar menneske har rett til vern her.

– På den andre sida får nesten ingen av desse løyve til å reisa hit og nytta seg av denne retten. I staden investerer dei mykje og trassar store farar for å nå landa dei ønskjer seg til. Dette gir inntekter for menneskesmuglarar og skaper dødsfeller for mange håpefulle asylsøkarar. Dette er eit stort paradoks, skriv Taraku i den nye boka si.

Han meiner det òg er urettferdig at det er dei mest ressurssterke flyktningane, som har råd til å betala menneskesmuglarar, som får høve til å koma til Europa.

– Dagens system støttar organisert kriminalitet og lokkar unge i dødsfeller.

LES OGSÅ: Vil knuse mytar om syriske flyktningar

Sidespor i debatten
– Eg meiner det er eit sidespor i asyldebatten å diskutera om politikken skal vera streng eller liberal. Målet må vera ein politikk som legg til rette for betre kontroll med innvandringa til Europa, og som samla sett gir fleire menneske høve til å leva betre og tryggare liv gjennom meir rasjonell ressursbruk, seier Taraku til Framtida.no.

Han meiner det bør leggjast betre til rette for at dei klassiske flyktningane, som er forfølgde i heimlandet, kan koma.

LES OGSÅ: FN åtvarar Europa mot stengte grenser

Utvandringspolitikk
Ein tredjedel av dei som kom til Noreg i 2015 var frå Syria. Afghanistan, Irak og Eritrea var på dei neste plassane.

Taraku meiner ein bør sjå på politikk i heimlanda som fører til utvandring. Han nemner at Eritrea tener gode pengar på unge som dreg ut og sender pengar heim, og at Afghanistan skal ha kjøpt inn fleire passmaskiner for å ta unna straumen av unge som vil ut av landet.

Han meiner òg ryktet om at Europa opna grensene sine har ført mange på den farlege reisa hit.

LES OGSÅ: Åtvarar mot asyl-innstramming for familiar

– Dagens system drep alt initiativ
Sylo Taraku kom til Noreg frå Jugoslavia som 18-åring. Han ville ikkje vera med på å kriga i ein krig han syntest var feil. Kosovoalbanaren likte ikkje å sitja på asylmottaket i Noreg og venta på kva som ville skje. Han ville koma i gang med livet i det nye landet.

Han var heldig og fekk lov til å jobba på eit stort gardsbruk som produserte salat. Han jobba godt, og spurte ein dag om han kunne få fast jobb. Då fekk han klar beskjed frå sjefen: Han burde ta seg ei utdanning og koma seg vidare i livet.

Det meiner Taraku at dei som kjem til Noreg òg må få lov til.

– Dagens system drep alt initiativ.

Han ønskjer seg ei modifisert utgåve av sjølvbusetjing, og vil òg setja krav til asylsøkjarane om arbeid.

– Dei som kjem må få hjelp til å finna arbeid og bustad, men ansvaret må vera deira.

Faktaboks

Sylo Taraku er tidlegare generalsekretær i Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS). Sylo Taraku kom sjølv som asylsøkjar til Noreg som 18-åring, og har blitt ei viktig stemme i innvandrings- og integreringsdebatten.

Han er aktuell med boka Innvandringsrealisme, der han legg fram eit forslag til ny asyl- og innvandringspolitikk i Noreg. Taraku har tidlegare jobba som underdirektør i UDI, og gjennom jobben i UDI så såg han svakheitane på nært hald.