Denne jonsokfeiringa var noko anna enn det eg har vore van med frå Sunnfjord.
Dag Henrik Nygård
Dag Henrik Nygård

Föreningarna Nordens Ungdomsförbund (FNUF) hadde sett seg ut jonsokhelga for eit integreringsprosjekt, soleis at vi unge kunne integrere flyktningar på vår alder.

Norden i dag er ikkje det same som det var før krigen, og vi kan alle gjere noko for at flyktningane kan få høve til å integrere seg. Om lag 25 ungdomar frå fleire verdshyrne, som bur i Norden, vart samla på Bokenäset i Bohuslän i Västra Götaland i Sverige. 

Korleis er det å miste alt som er viktig i livet, og kva vert ein møtt med? 

Som nestformann i Föreningarna Nordens Ungdomsförbund (FNUF), i tillegg til å vere

Dag Henrik Nygård er leiar i Foreningen Nordens Ungdom i Noreg. Foto: Privat

formann for Foreningen Nordens Ungdom i Noreg (FNU), var det heilt naturleg for meg å vere med på dette prosjektet. Båe organisasjonane arbeider for eit auka samarbeid i Norden og vil gjere det lettare å flytte seg over dei administrative grensene i heile Norden.

Les også: Dataspel kan fremme integrering

Særleg av di eg sjølv har budd både i Finland og i Tyskland, veit eg kor vanskeleg det er å kome i kontakt med dei innfødde. Dette trass i at eg flytta av fri vilje, eg har same kultur, utsjånad og religion som dei lokale. Eg kan betre svensk enn dei fleste finnar og skjønar fleire av dei lokale språka enn dei fleste andre i Slesvig-Holsten, så språk har eigentleg ikkje vore ei så stor utfordring.

Eg har budd både i Finland og i Tyskland, og veit kor vanskeleg det er å kome i kontakt med dei innfødde.

Folk kom frå heile norden.

Fleire gongar har eg lurt på korleis i alle dagar det må vere å kome frå noko heilt anna, og kjenne seg heilt framand, om ikkje heilt malplassert. Klart eg skulle vere med på dette prosjektet, og det har eg ikkje angra på. Vi fekk heilt nye perspektiv og nyttig kunnskap. 

Fleire gongar har eg lurt på korleis i alle dagar det må vere å kome frå noko heilt anna, og kjenne seg heilt framand

Folk kom frå heile Norden, somme var som meg, hadde vokse opp og budd her, andre hadde vore her ei stund, medan andre var relativt nye her oppe. Vi hadde dyktige føredragshaldarar som kunne få oss heilt nordiske til å skjøne meir om kva det ville seie å kome frå eit system som skil seg mykje frå Norden, og oppleve at det som sit i ryggmergen ikkje alltid passar så godt med systemet her oppe.

Les også: Pussar opp asylmottak og bygger kulturhus for romfolk

Korleis er det å miste alt som er viktig i livet, og kva vert ein møtt med? I og med at vi var i Sverige, var det ein svensk ande over det heile, noko som kanskje er like eksotisk for ein arabar som for ein sunnfjording når ein skal hoppe kring «midsommarstången» og syngje «små grodorna, små grodorna». 

Dersom vi alle gjer litt, utgjer det ein stor skilnad for dei som verkeleg treng det.

Det eg lærte var at kontakt med dei lokale er heilt turvande for å kunne verte integrert. Kjennskap om kultur og språk er viktig for å kunne skjøne kvarandre. Om vi ikkje kan kommunisere med kvarandre på språk vi skjønar, er det svært krevjande.

Les også: NTNU-forskar vil ha integreringsprosjekt for ungdomi alle kommunar

Vi innfødde har mykje å gå på når det kjem til kunnskap om språk og kultur, og mine røynsler tilseier at den som spør, han får svarAttendemeldingane seier at arrangementet har vore viktig for ungdomane som var med. Dersom vi alle gjer litt, utgjer det ein stor skilnad for dei som verkeleg treng det.

Les også: Jonsok: Verdas lykkelegaste barneekteskap

Oppdatert: sundag 8. juli 2018 15.26

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE