Pride: Om å måtta læra seg empati i vaksen alder
– Hadde eg rota det til slik at min næraste barndomsvenn ikkje torde å koma ut til meg i frykt for at eg skulle reagera? skriv Kristoffer Tufta.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Innlegget vart først publisert i Grenda og er republisert med løyve.
No skal eg gjera noko eg som tenåring aldri trudde eg kom til å gjera. Eg skal skriva eit lesarinnlegg om pride, og eg skal samtidig lufta skittentøyet mitt i lokalavisa.
Aller først vil eg skru tida litt tilbake og gi litt viktig kontekst.
I 2016 begynte eg i tredjeklasse på vidaregåande. Donald Trump hadde nett blitt president i statane, og det syntest eg var dritløye.
I likskap med andre tenåringsgutar syntest eg det var morosamt å vera «på kanten», eller «edgy» (som ungdommen seier), og det å vera «anti politisk korrekt» var hysterisk løye.
Det var noko med det at den same køddete humoren eg kjente igjen frå gutegjengen min no skulle styra verdas mektigaste land, eg fann komisk.
«Kill all men»
Som ungdom med kontinuerleg tilgang på internettet vart eg tidleg eksponert for «woke» og kulturkrigen i USA, og humoren min kom då ofte på kostnad av sinte feministar og transpersonar.
Eg syntest dette var morosamt dels fordi eg syntest feministbevegelsen var unødvendig, og dels fordi eg ikkje kunne relatera til problemstillingane deira.
Patriarkatet dei snakka så fælt om kunne eg iallfall ikkje relatera til i det heile.
Som sjenert og skjerma ung mann hadde eg no vel aldri drive med verken kvinneundertrykking eller homohat, og eg opplevde at feministrørsla drog alle over same kam.
«Kill all men» var det enkelte feministar på internettet som sa. Eg antok at det måtte inkludera meg og. For noko herk.
Eg følte at feministbevegelsen støytte meg vekk fordi eg var mann. Då følte eg det var greitt å vera litt jævlig tilbake.
Homoane hadde fått rettane sine for lenge sidan
Og slik var det ei stund. Som usikker tenåringsgut var eg også stor fan av den kanadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson, og eg hadde vel sett alle forelesingane på YouTube-kanalen hans.
Han fortalde mykje bra om at ein måtte lytta til andre, om at ein måtte gå rakrygga, og at ein måtte ta på seg så mykje ansvar som ein klarte å bera, då ville ein få meir meining i livet.
Eg opplevde han som ein god lærar i korleis ein kunne vera ein god og stødig mann, og i tillegg var han samd med meg i sosiale saker.
Me meinte begge at pride-rørsla hadde gått for langt.
Homoane hadde fått rettane sine for lenge sidan.
No handla pride berre om å kle seg provoserande og å la «drag queens» lesa eventyr for barnehagebarn. I tillegg ville dei knebla ytringsfridomen vår.
Pride var noko vås.
Gløymde å vera edgy
Tida gjekk, og eg flytta til Bergen for å studera. Det vart så travelt med studia at eg rett gløymde å vera edgy ei stund. Eg rakk likevel å stikka heimom på besøk titt og ofte, og eg heldt god kontakt med venene mine. Trudde eg iallfall.
I 2019 kom det meg for øyra at ein av dei næraste barndomskompisane mine hadde komme ut av skapet som trans. Dette hadde skjedd på ei samling utan at eg var til stades, og det var berre tilfeldig at eg fekk vita om det i etterkant.
Shit.
Hadde eg rota det til slik at min næraste barndomsvenn ikkje torde å koma ut til meg i frykt for at eg skulle reagera?
Eg meinte jo aldri noko vondt med denne vitsinga mi, men ein av mine næraste vener gjekk rundt og trudde at eg var transfob (noko eg på eit punkt sikkert var). Eg hadde iallfall ikkje gitt signal om at noko anna var tilfelle.
Det sette i grunn ein støkk i meg, og eg brukte årevis på å bearbeida det. Tanken om at eg hadde støytt vekk nokon eg hadde delt heile oppveksten med på grunn av oppførselen min var noko eg ikkje klarte å slå ifrå meg.
Det okkuperte tankane mine i forelesing, heime på hybelen, og medan eg farta rundt med sparkesykkel på jobben.
Oppgjer med meg sjølv
Eg tok etter kvart eit oppgjer med meg sjølv og mine egne verdiar, men prosessen dit tok fleire år og mykje sjølvransaking.
Eg måtte bli meir medviten på signala eg sende ut til dei rundt meg.
Eg måtte bli meir open for at andre har andre livserfaringar enn meg, og eg måtte læra meg at eg ikkje absolutt måtte forstå, for å visa aksept og toleranse.
Ein er sjølvsagt aldri utlært, men i dag er eg stolt av at Kristoffer (27) er meir empatisk enn Kristoffer (19).
Andre sabotasje mot pride-flagg
Bakteppet for dette innlegget er at me her i Kvinnherad har hatt vår andre sabotasjeaksjon mot pride-flagg på éi veke. Det synest eg er skikkeleg leit.
Ein skal vera forsiktig med å anta kva følelsar og tankar andre sit og kjenner på inne i seg, men eg er optimistisk og trur den gjengse kvinnhering er heilt ok med homofile.
Ikkje-binære og transpersonar er litt nyare og abstrakte saker, og difor kanskje litt ukjent, skummelt og rart, men hatet er der ikkje.
Difor vil eg anta at sabotasjen mot prideflaggingane skuldast at ein er usamd med behovet for ei pride-rørsle generelt, eller at ein er usamd med at det skal flaggast med pride-flagg på barneskular og i offentlege flaggstenger.
Dette er argument eg kan skjønna og relatera til, for eg har tidlegare tenkt i same banar sjølv.
Ein overtyder vel ikkje dei siste «grinebitarane» i samfunnet om at homofili og andre kjønnsuttrykk er normalt ved å gå i provoserande fetish-klede i pride-tog, eller ved å tvinge det over på ungar?
Ingen ungar tar skade av regnbogeflagget på skulen
Eg er ikkje ute etter å «ta» eller irettesette nokon med dette innlegget, og ikkje trur eg at eg skal klara å overtyda nokon heller, men eg har likevel lyst å koma med nokre refleksjonar rundt dette.
For meg handlar regnbogeflagget om å visa aksept for dei som ikkje er lik deg sjølv, om å vera god med kvarandre og skapa trygge omgjevnadar for dei som eventuelt går rundt og kjenner seg ulik frå «resten av gjengen».
Det er ingen ungar som tar skade av at regnbogeflagget vaiar på flaggstonga utanfor skulen, men konsekvensen av at nokon tar det ned for å øydelegga det, er at ein sender signal om at det ikkje er greitt å vera annleis.
Tvinga vekk av haldningar
Kvinnherad har ikkje alltid vore like tolerant som det er i dag. «Homo» var skjellsord då eg gjekk på barneskulen, og eg brukte det sikkert flittig sjølv óg.
Konsekvensen av slikt er at skeive eller «rare» kvinnheringar i stor grad flyttar ut av kommunen.
Ikkje fordi dei synest utsikta til Melderskin og Ulvanåso er spesielt stygg, men fordi dei opplever at sambygdingane deira tvingar dei vekk.
Vekk frå familie, venner og kjente omgivnadar. Vekk frå heimen sin.
Og det er ikkje greitt.
Det er kjipt å vera kjip
Tenk over kva signal du vil senda til dine næraste. Til ungane dine. Barnebarn. Kompisar.
Naboen.
Ver gode med kvarandre.
Det er kjipt å vera kjip.
– Kristoffer, tidlegare kjip type (jobbar framleis med saka)