Verdas lykkelegaste barneekteskap


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi skulle gå fremst i fantetoget under jonsokkfeiringa. Arm i arm skulle eg føre bruda mi, gjennom bygda, i retning til det store bålet. Akkurat slik mange av dei eldre barna i bygda hadde gjort før oss.

Året før hadde vi vore vitne til å sjå storesøstrene våre gifte seg. Det var nok mangelen av gifteklare gutar i bygda, for storesøstra til Vibeke kledde seg i dress og førte storesøstra mi gjennom bygda til midtsommarfesten, som brud og brudgom.

Dette året var det endeleg Vibeke og eg som var jonsokbrudeparet. Barnebruda kledde seg opp i sin finaste, kvite kjole og fekk ei gardin festa i håret. Leppestift fekk ho også. Ho såg nydeleg ut. Eg fekk låne ein gamal dress av far hennar som vi bretta opp. Og prikken over i-en var ein kledeleg hatt, og påteikna, svart fippskjegg til mitt ultrablonde hår. Vi følte oss rett og slett som eit ekte brudepar, som gjorde oss fortent til å gå fremst i fantetoget.

Sju slag blomar

Tidleg same dag gjekk vi ut og plukka blomar til buketten og hårkransen. Det måtte visst vere sju slag.

JONSOK-BRUDEPAR: Vibeke og eg som brudepar. Like før vi gjekk ned på vegen, der alle fantane skulle gå bak oss i retning bålbrenninga. Foto: Privat

Vi var begge pollenallergiske, men med tablettar som gjorde oss både trøytte og neddopa gjekk vi bananas på enga, og plukka, snørra og naus, og telte blomar og gledde oss.

Vibeke hadde lært seg at dersom ho la buketten under puta ville ho drøyme om mannen ho skulle gifte seg med på ekte. Det gjorde ho sjølvsagt, men om ho drøymde om Raymond, som ho seinare blei saman med, er uvisst. Eg var berre megaglad for at denne regelen ikkje gjaldt brudgomen, med tanke på den hersens pollenallergien. I etterkant var det jo nesten eit hån at eg som brudgom skulle hjelpe henne med å plukke blomar, som skulle hjelpe henne i å finne drøymemannen. HALLO!? Eg stod jo rett framføre auga på henne, og vi skulle giftast berre nokre timar seinare!

Fine barndomsminner

Fantetoget gjekk gjennom bygda i retning det store bålet. Toget var fylt opp av alle slags folk. Der var eventyrfigurar, detektivar, prinsesser, troll, huldrar og klovnar, cowboyar og mange, mange fleire. Alle var med. Til og med bror min var utkledd. Som «arbeidar». I kjeledress og arbeidshanskar. Eg klarte nesten ikkje sjå at han var utkledd, men det kan vere det same.

Dette er minner frå min barndom. Og eg kjenner eg blir glad for at eg fekk oppleve det. Eg får nesten ei lita sorg når eg høyrer om folk som seier at dei aldri har gjort slikt. Kvifor er ikkje fleire interesserte i å gå i fantetog? Kvifor er det slik at nokre tradisjonar døyr bort, medan andre livnar til?

Er tradisjonane på veg bort?

No når eg har vorte vaksen har eg merka at desse tradisjonane ikkje lenger er like sterke rundt omkring i bygdene. Men samtidig trur eg at dei gamle tradisjonane er noko vi søkjer etter, og som vi eigentleg ikkje vil miste. Det er noko med den nostalgiske kjensla ein får når vi drøymer oss tilbake til tida då alt var så mykje betre. Trur vi.

Fantetoget på Sunnmøre var like vanleg då, som det var å gå nyttårsbukk i bygda mi. Det var nesten obligatorisk å gå bukk på dei stormfulle nyttårsfeiringane, som det ofte var. Om du lurer på om eg gjekk nyttårbukk under nyttårsorkanen i 92, så er svaret JA! Sjølvsagt gjorde eg det. I ein gamal pels med nylonstrømpebukse tredd nedover ansiktet.

Dei siste åra eg har vore heime i Tjørvåg på Sunnmøre i juleferien, blir eg utruleg glad kvar gong ein nyttårsbukk kjem og syng på døra. Men bukkane er sjeldne. Slik som fantane i toget også blir meir og meir sjeldne. Dei er ei mangelvare.

Ein kan nesten tenkje at Halloween for lengst har erstatta nyttårsbukken, eller romjulsbukken som det heiter i andre delar av landet. Ja, til og med fantetoget har kanskje forsvunne? Kvart år kjem det meiningar på sosiale medium om boikotting av den forferdeleg amerikaniserte halloween-feringa. Men er det så farleg, då? Skal ikkje vi heller løfte denne dagen, og gi rom for alt?

Sutrete vaksne

Det er ein ting som irriterar meg, og det er gretne, vaksne folk. Dei som skal fortelje internett at halloween er så grusomt. Kvart år sit eg og les på sosiale medium der vaksne folk er opprørte og irriterte over ungar som er utkledde som trollmenn og hekser, og døde personar.

JESUS” OG SJØMANN: Mamma og eg kledde oss ut ei nyttårsaft og gjekk på besøk til naboane, der vi song og delte ut heimelaga eggelikør. Då var det sikkert 20 år sidan sist eg hadde gått nyttårsbukk, med ein litt annan vri. Men gøy var det! Foto: Privat

Men kvifor i alle dagar skal ikkje det vere rom for eit døyande monster på halloween? For dagens barn og unge er halloween ein del av deira barndom. Det er dette dei kjem til å minnast, når dei som vaksne skal tenkje nostalgiske tankar over kva dei sjølv gjorde.

Kanskje vart det slik at dagens barn og unge ikkje gjekk i fantetog, og kanskje var det lite romjulsbukkar eller nyttårsbukkar? Men eg skal love deg at dei gode barndomsminna vil vere der, om då dei gjekk utkledd som Dracula med ein kniv i hjernen.

Plass til alt

Ein må ta vare på det ein har. Ein må kunne ha plass til både det eine og det andre. Det er ingen som tek over ein annan tradisjon. Vi må må skape kultur, og det gjer vi når vi skapar tradisjonar. Både av gamalt og nytt.

Neste gong det er jonsokaftan, halloween, eller romjul – kom deg ut! Kle deg ut, og skap tradisjonar som du kan minnast tilbake til. For minna du lagar, vil absolutt gje deg historier og minner ein dag i framtida.

God jonsok-feiring, eller sankthans – eller midsommar-feriing!

(Og halloween og romjul, når den tid kjem…)

Under: HEKTA PÅ GIFTING: Eg har visstnok vore fascinert av ekteskap gjennom heile barndomen. Her gifta eg vekk storesøstera mi til si beste venninne. Og eg fekk vere prest i oldemor sine gardiner.

https://www.instagram.com/p/BFJ71GECkDd/?hl=nb&taken-by=nynorskprinsen