Dataspel kan fremme integrering

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først på trykk i Forskning.no.

Å spele dataspel kan hjelpe innvandrarungdommar å få venner og bli gode i norsk, viser ein ny studie.

Når du høyrer ordet «gamer», ser du kanskje for deg ein ungdom framfor ein skjerm, mutters åleine på eit tussmørkt rom.

At dataspel kunne vere eit pluss for ein tenåring som er ny i Noreg, var ikkje ein fjern tanke for forskarane som har gjennomført ein studie om integrering og dataspel blant ikkje-vestleg innvandrarungdom i alderen 16 til 19 år.

Men det forskarane oppdaga, var at dataspel verka positivt på ein annan måte enn dei først såg for seg.

Forventa at ungdommane spelte med venner frå heimlandet

– Vi såg for oss isolasjon her i Noreg, men òg at ungdommane spelte med kjende i heimlandet, seier Carol Azungi Dralega ved Vestlandsforsking.

Ungdommane ho intervjua saman med Hilde G. Corneliussen, hadde budd i landet i under ti år.

Og forskarane antok at dei brukte nettbaserte spel for å halde kontakt med vener i heimlanda sine – mellom andre Syria, Somalia Etiopia og Kenya. Så feil kunne dei ta.

For etter kvart som forskarane hadde gjennomført intervjua med dei utvalde ungdommane, kom eit heilt anna bilete til syne.

Få viste seg å spele med nokon i heimlandet, delvis på grunn av hindringar som krig, kaos og ustabilt eller manglande nett.

Men òg fordi det var andre dei heller brukte tida si med.

Sosialt både på rommet og på nett

For det er ikkje den eine, lute ungdommen på rommet vi må sjå for oss, kan forskarane fortelje.

Det blei tydeleg etter dei intervjua ti ikkje-vestlege innvandrarungdommar med spørsmål om kva dataspel dei spelar, kor mykje, kvar og med kven. For tenåringen sit rett nok framfor ein skjerm heime på rommet – men ved sidan av sit det gjerne ein eller to til.

I nettbaserte dataspel møter dei i tillegg andre – frå klassen, nabolaget eller fotballbana. Og når dei brukar snakkekanalar, går praten på norsk.

– Spelinga viste seg både å vere sosial, språkfremmande og jamne ut forskjellar mellom ungdommar av ulik bakgrunn, seier Dralega, og nemner ein syrisk gut som berre hadde budd i landet i to år, men likevel skravla i veg på norsk framfor skjermen.

Eit typisk spel for slike situasjonar er fotballspelet FIFA 17, som attpåtil kan vere nært knytt til det lokale fotballmiljøet.

Dataspel kan også skape band mellom heimlandet og dei lokale norske omgjevnadene – som for ein kenyansk gut som helst spelte FIFA med eit lag frå Kenya, og samstundes fortalde kor viktig det var for han å spele på det lokale fotballaget sitt i Noreg.

Religion blir daglegdags for kompisane

Ein typisk skilnad mellom ein norsk og muslimsk tenåring kan vere at sistnemnde tek pause frå spelinga for å be.

Ein 18-åring forskarane intervjua, fortalde at han heldt på kravet om å be fem gonger om dagen, også når han besøkte norske kompisar.

«Dei brukar å tilby meg eit rom der eg kan gå og be», forklarte guten.

At dei norske medspelarane iblant tøysa med å rope «Allahu akbar», eller «Gud er stor», når dei tok livet av motstandarar i krigsspel, tok han med knusande ro.

– Ungdommane ufarleggjer religiøse skilnader gjennom venlege spøkar og toleranse. Venskap og felles interesser overgår tydelegvis slike skilje, seier Dralega.

Ikkje like sosialt for jentene

Men ikkje alle skilnader blir viska ut gjennom dataspel. Fem av ungdommane dei intervjua var jenter. Dei intervjua altså like mange jenter som gutar, sjølv om dei var vanskelege å finne.

Etter møta med jentene gjorde dei nok ei overraskande oppdaging:

Nemleg at integreringsverdien av dataspel er ein heilt annan for jenter. Ei etiopisk jente som understreka at ho var ein stolt «gamer», uttrykte ei viss fortviling over at ho ikkje fekk spele med gutar. Ho brukte mykje tid på å spele, men sat nesten alltid åleine, sjølv om veninnene og ho var i fortløpande kontakt via sosiale medium.

– Det var eit stort sakn for denne jenta at dei andre gamerane, som var gutar, ikkje ville ha henne med fordi dei ikkje trudde på at jenter kunne vere gamerar, seier Hilde G. Corneliussen.

Både fordi gutane ekskluderer dei og fordi få jenter spelar, ser det altså ut til at det er lettare for gutar enn jenter å bli integrerte gjennom dataspeling.

Speler oftast kvit mann i mangel på andre val

I prinsippet kan ein kvinneleg gamer forkle seg som gut i den virtuelle verda. I mange spel kan du lage din eigen figur, ditt digitale sjølv – og bli ein ny person.

Forskarane var nyfikne på korleis det slo ut, både for jentene og gutane i studien. Kven ville desse ungdommane, med bakgrunn frå andre verdsdelar, helst vere i spelet?

Fleire forklarte at dei prøvde å finne figurar som likna dei sjølv – men at utvalet kan vere dårleg.

«Eg er brun og elskar fargen min. Så når eg har høve til det, vel eg det for spelfiguren min», sa ein gut frå Somalia.

Ei ugandisk jente som elska fotballspel, fortalde at ho oftast måtte spele kvit mann i mangel på både kvinner og mørke spelarar. I basketball, derimot, var ho ofte ein svart mann. Men som kvinne spelte ho aldri, for det var ikkje tilgjengeleg i spela ho spelte.

– Det viser at spelverda nesten er meir open for ulike etniske bakgrunnar enn for jenter, seier Corneliussen.

Forskningsstudien er finansiert av Medietilsynet og Lotteri- og stiftingstilsynet.

Referanse:

Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen: Intersectional perspectives on video gaming among immigrant youth in Norway, Vestlandsforsking rapport nr. 12 2017.