Pussar opp asylmottak og bygger kulturhus for romfolk

– Interiørarkitektane har mista seg sjølve heilt i å lage fine ting for restaurantar og privilgerte folk, seier Else Abrahamsen i MakersHub. Ho meiner dei har eit mykje viktigare oppdrag.

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 19.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Else Abrahamsen (28) er interiørarkitekt. Da ho skreiv master, ønska ho å jobbe med noko samfunnsrelatert.

Else Abramsen viser ein krakk som er laga på ein workshop. Foto: Beate Haugtrø

Else Abramsen viser ein krakk som er laga på workshop med barn. Foto: Beate Haugtrø

– Eg opplevde at faget var veldig overfladisk, og byrja å få så avsmak på miljøet. Det handla mest om å lage produkt for menneske som har det bra frå før. Folk med ein heim, ein jobb, med nettverk og venner.

Ho har sjølv vakse opp i trygge og gode omgivnader. Men òg med ei underliggande haldning om at ein skal hjelpe andre som ikkje har det like lett. Ho såg eit ubrukt potensiale i faget sitt som interiørarkitekt.

Interiørarkitektar har gode verktøy

Ho ønska å bruke faget sitt til å hjelpe andre menneske.

– Mange har spurt meg om eg har valt feil yrkesveg. Skulle eg ha vore sjukepleiar eller noko? Men eg meiner at det faget vi har som interiørarkitektar har ein del verktøy vi kan bruke, der vi ikkje utnyttar heile potensialet.

Det var bakgrunnen for MakersHub. Ho ville gjere noko med det ho kallar «Dei gløymde menneska» og «Dei gløymde romma».

Sånn såg paviljongen på Torshov Transittmottak ut før Makers` Hub sette inn jarnet. Foto: Makers`Hub

Sånn såg paviljongen på Torshov Transittmottak ut før Makers` Hub sette inn jarnet. Foto: Makers`Hub

I nesten to år har ho og kollegaane Jack Hughes og Karam Kifah jobba med å betre omgivnadene til dei som bur og brukar midlertidige heimar og rom.

Rom som ikkje inviterer til å føle seg heime eller inkludert. Asylmottak, rusinstitusjonar, helseføretak for folk med psykiatri. Lista er lang.

Eit av dei første prosjekta dei gjorde, var paviljongen på Torshov transittmottak i Oslo. Dei inviterte til workshop på mottaket. Naboar og bebuarar hjalp til. Bebuarar kom med innspel som forandra prosjektet heilt.

På to veker forvandla dei ein utandørs paviljong frå å vere ein søppelhaug, til å bli ein «festpaviljong».

Under oppussinga av paviljongen på mottaket på Torshov. Foto: Privat

Under oppussinga av paviljongen på mottaket på Torshov. Foto: Privat

Paviljongen på Torshov Transittmottak etter oppussing. Foto: Makers`Hub

Paviljongen på Torshov Transittmottak etter oppussing. Foto: MakersHub

I eit seinare prosjekt, pussa dei opp barnerommet på mottaket.

– På barnerommet på Torshov sprang barna vilt rundt. Dei klarte ikkje å konsentrere seg om ei oppgåve, og klarte ikkje å sitte i ro.

Da Else Abrahamsen og kollegaane kom inn med sin fagkunnskap, delte dei rommet inn i forskjellige sonar.

– For barn må bruken av rommet vere tydeleg. Her skal du leike, her skal du sitte roleg, her kan du kose deg, forklarar Abrahamsen.

Etter at dei var ferdige med å pusse opp barnerommet på Torshov Transittmottak, skjedde ei endring.

– Barnefagleg ansvarleg på mottaket fortalte at barna oppførte seg heilt annleis. Dei hadde lyst til å vere i rommet. Det vart ein heilt anna sinnstemning der. Dei som jobba der hadde aldri før opplevd at barna hadde lyst til å vere i rommet.

Barnerommet på Torshov Transittmottak etter oppussing. Foto: Makers`Hub

Barnerommet på Torshov Transittmottak etter oppussing. Foto: MakersHub

No kunne barna gi slepp på foreldra og vere der på eiga hand nokre timar fordi dei kjente seg trygge og trivdest der.

– Det vi gjer er transformasjon på høgt nivå, seier Abrahamsen.

Når dei jobbar, er gruppa alltid ei blanding av dei profesjonelle, av frivillige medhjelparar, og av bebuarar. Det gjer òg at dei som bur der får eit eigarforhold til romma.

Ho meiner det òg gjer noko med kjensla av å vere inkludert og like mykje verdt som dei andre, når barna på mottaket ser at omgivnadene deira blir ivaretekne på same måte som dei blir i barnehagen rett over gata.

Syriske damer som fortèl mannfolka koss drillen skal brukast

– Kvifor gjer de det?

– Vi ser gleda i menneska sine auge når prosjektet er ferdig. Dei har kanskje aldri før fått den moglegheita eller blitt vist den merksemda før. Det å faktisk bygge noko. Å sjå folk få den meistringsfølelsen er verdt alt saman, seier ho.

Ho fortel om alt frå små barn til syriske damer, som ikkje har jobba ein dag i sitt liv utanfor heimen. Om opplevinga når dei syriske damene har stått med drillen ein heil dag, og dyttar borti mannfolka for å vise koss det skal gjerast.

Sjå video frå tre dagars workshop «Mitt nabolag» i 2017:

Else Abrahamsen kan nevne i fleng ein heil del andre offentlege rom som ikkje blir ivaretekne og som ikkje ønskar velkommen.

Ho stiller spørsmål om desse romma bevisst blir oversette. Sviktar samfunnet dei? Blir det ikkje sett på som verdige nok til å legge noko i arkitekturen?

Rusbrukarar har gatenære tiltak. Helsestasjonar, sprøyterom og butilbod.

– Alle desse tilboda bur i rom og arkitektur. Ingen som bur der har den fagkunnskapen. Romma forvitrar, og den opprinnelege bruken av rommet var noko heilt anna.

Må kaste sprøytene ned til brukarane

Ho bruker Prindsen mottakssenter i Storgata i Oslo som eksempel på kor feil det kan bli. Det er eit kommunalt tilbod som tilbyr akuttovernatting, reine sprøyter og helsesjekk for rusmisbrukarar.

På Prindsen kjem brukarane rett ut i ei traffikert gate.

På Prindsen kjem brukarane rett ut i ei trafikkert gate.

Abrahamsen fortel at når ein rusmisbrukar har vore der inne for å kunne sette ei sprøyte under trygge omgivnader, har dei eit sprøyterom dei kan sitte i. Etterpå går dei rett ut i ei smal og høgt trafikkert gate.

Inne i sjølve bygget er romløysinga sånn at sjukepleiarane står på eit golvnivå over brukarane, og nokre gonger må dei kaste sprøyta ned til brukaren.

Om brukaren skal få ein nærmare helsesjekk, må dei gå ut i den traffikerte gata med det smale fortauet utanfor, og gå rundt bygget, inn ein annan inngang. Sjukepleiarane opplever det jamnleg, at det blir ein så stor omveg at brukaren ikkje dukkar opp igjen. Romløysinga gjer det for komplisert.

– Her trur vi arkitektar kan ha ei rolle i å skape tryggare rom, seier ho.

Rommet påverkar trivsel og livskvaliteten

– Kvifor er rommet rundt deg eigentleg så viktig?

– Vi stiller oss det spørsmålet heile tida. Det er alt for lite forsking på det. Men vi ser stor skilnad på menneske når dei kjem inn i eit rom som er utforma til det det skal vere. Om rommet er forma utan omtanke, så kan det skape mistrivsel.

– Vi veit ein del om koss eit rom skal fungere for dei som jobbar, eller i ein privat heim. Fargar og lys påverkar sinnet vårt, trivselen og livskvaliteten.

Det sosiale er alltid viktig når Makers`Hub har eit prosjekt. Her frå prosjektet "Fargehagen" på festivalen Vårt nabolag. Foto: Privat

Det sosiale er alltid viktig når MakersHub har eit prosjekt. Her frå prosjektet “Fargehagen” på festivalen Vårt nabolag. Foto: Privat

Ho fortel at det er veldig underbevisst. Folk kan ende med å ikkje komme tilbake til ein stad grunna mistrivsel. Men dei kan ikkje sette ord på kva som er årsaka.

Dei siste to åra har dei jobba mykje for å sette fokus på og å ta vare på «Dei gløymde romma».

– Ein må ha ein oppdragsgivar. Vi ønskar ikkje å sitte på gjerdet og vente på at nokon skal gi det oppdraget, for det kjem aldri til å skje, seier ho.

I desember i fjor fekk dei DOGAs heidersmerke for innsatsen sin. Den gjevaste prisen ein kan få innan designbransjen. Prisen delte dei med Oslo bysykkel.

– Vi tek det som eit teikn på at vi er på riktig spor, seier ho.

Ei haldningsendring

Dei har opplevd mykje motgang frå byråkrati. Nokre asylmottak får dei ikkje besøke. Andre mottak stenger få månader etter at dei har vore der og gjort ein innsats. Og det er ei evig oppgåve å skaffe pengar nok til å drive.

Hadde ikkje Else Abrahamsen kunne låne kontorlokale av foreldra, og bu billig, så hadde det vore umogleg.

Men no opplever ho at det har skjedd ei haldningsendring i arkitektmiljøet.

– Vi blir ofte spurte om å halde føredrag, og merkar at folk er inspirerte.

Frå prosjekt på Dikemark: 

No har dei fått støtte av «Norske interiørarkitektars Landsforeining» til å lage ein fagfilm der dei skal besøke fem ulike prosjekt i Tyskland og eitt i Hellas. Fleire land rundt om i Europa har større tradisjon for å bruke arkitektfaget til å bidra i samfunnet.

Kulturhus som oppreising til Romfolket

MakersHub er òg i gang med å bygge eit kulturhus i samarbeid med romfolket. Det er eit oppdrag frå Kirkens Bymisjon. Det er bestemt at ein sum romfolket har fått i erstatning frå den norske stat, skal brukast til eit kulturhus.

– Det er eit draumeoppdrag, seier ho.

I tillegg til at det er eit arkitekt-oppdrag, så ser ho det som eit sosialt prosjekt. Dei ønsker ikkje å ansette ein snikkar. Det skal vere ein arena der folk frå rommiljøet og folk frå oslomiljøet møtast. Sånn kan dei jobbe med å knytte band og å minske fordommar.

Frå planlegging av kulturhuset til Romfolket. Foto: MakersHub

Frå planlegging av kulturhuset til Romfolket. Foto: MakersHub

«Mi meining med livet»

Kombinasjonen av å jobbe med arkitektur og å skape noko sosialt, er mykje av motivasjonen til Abrahamsen.

– Det at ein leitar etter ei meining med livet. Eg trur dette er min måte.

Ho ønsker òg å motivere dei yngre til å bli arkitektar og designarar og å vise at dei verkeleg kan bety noko for folk som treng hjelp.

– Vi fann få forbilde. Draumen er å motivere dei yngre.

– Ein treng ikkje bli arkitekt for å teikne flotte bygningar som operaen. Ein kan òg gjere det for å hjelpe menneske, seier ho.

Du kan lese meir om MakersHub her: http://www.makershuboslo.com/