Ta kampen mot barnefattigdom!

Sindre Hornnes, Fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane, og Sandra Tenud, Politisk nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane.
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein seier at ein god barndom varer heile livet, men det gjer ein dårleg barndom også. I dag er det om lag 100 000 barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt. For å sette det i perspektiv så er det snakk om 1 av 10 born her i landet.

Dette er dei borna som får ein urettferdig start på livet, fordi det ikkje blir gjort nok for dei. Vi i AUF meiner at regjeringa har svikta og sviktar denne gruppa. Vi kan ikkje lenger stå og sjå på. Tida er inne for konkrete grep for å komme til målet om at alle barn skal få moglegheita til å få ein innhaldsrik, bekymringsfri, og ikkje minst økonomisk trygg oppvekst!

Vi i AUF meiner at regjeringa har svikta og sviktar denne gruppa.

Det er mykje som er flott med Noreg. Gratis skule, velferdsstaten som sikkerheitsnett og ei likestillingslov som sikrar like rettar. Det er likevel tydeleg at det er forskjellar.

Les også: Fleire fattige born her i landet

Dersom du har foreldre med ei lengre høgare utdanning så får du i snitt 12 grunnskulepoeng meir enn dersom foreldra dine berre har fullført grunnskulen. Når ein skal ut i arbeidslivet så vil dei med minoritetsbakgrunn i større grad stå utanfor, og dersom du er kvinne er det ifølgje SSB tre gonger meir sannsynlig at du blir tilsett i ein deltidsstilling.

Vi må snakke om desse forskjellane, men det må ikkje stanse med praten.

Men kva må til? Det er ingen quick fix mot fattigdom og talet barn som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt aukar. At alle i samfunnet skal ha like moglegheiter heng tett saman med utdanning og arbeid, og mykje er avhengig av dei politiske prioriteringane.

TALET BARN SOM VEKS OPP I FAMILIAR MED VEDVARANDE LÅGINNTEKT AUKAR.

Dersom foreldra dine står i arbeid er sannsynlegheita for å leve i ein familie med vedvarande låginntekt nesten ikkje eksisterande. Det at alle skal få like moglegheiter handlar om å bryte ned barrierar.

Les også: Fattige er klokare enn rike

Her er fem konkrete grep for å gjere noko med saka

1. Vi må sikre eit trygt arbeidsliv med fleire faste jobbar og ei lønn å leve av.
Arbeidsmiljølova må styrkast slik at den legg til rette for at alle kan kreve sin rett, når
dei gjer sin plikt.

2. Vi må vi sørgje for at også dei som har minst får moglegheit til å delta i viktige delar
av barndommen som å gå i barnehagen og på SFO. Det at du kjem frå ein familie
med dårleg økonomi så bør ikkje det stanse deg frå å kunne delta på lik linje med dei
andre borna.

3. I Bergen innfører dei gratis internett til dei som ikkje har råd til det sjølv. Internett er
blitt så viktig i skulen at det offentlege no tar rekninga for barnefamiliar med dårleg
råd. Dette er noko vi meiner at kommunane i Sogn og Fjordane også bør gjere.

4. Barnetrygda har stått stille sidan 1996, og det er på tide å gjere noko med den.
Dersom ein dobler den for å så skattlegge den så sørgjer ein for at dei som har minst
får meir. Samstundes så får dei som har mest og dermed minst behov for støtte om
lag like mykje som før.

5. Ein kan innføre eit nasjonalt kulturkort på 200 kroner for alle born og ungdommar,
men i første omgang til dei med størst behov. Uavhengig av lommeboka så bør alle
barn og ungdommar kunne gå på kino, teater og andre aktivitetar. Dette er berre fem av fleire grep vi i AUF meinar er naudsynt for å sikre at alle born kan få
delta på fotballtreninga, og få ein trygg og rettferdig start på livet. Eit trygt arbeidsliv, ein
skule som utjevner skilnadar, endring av barnetrygda og eit billegare kulturtilbod kan bidra til at fleire får ein betre oppvekst. Det handlar i bunn og grunn om kva for samfunn vi vil vere, og kva politikarane prioriterer. Det er klart at desse prioriteringane kjem til å koste, men vi i AUF meiner det er verdt kvar ein krone.

Les også: Unge søv dårlegare når foreldra får pengeproblem