Fattige er klokare enn rike
Dei som kjem frå lågare sosial klasse har betre sosiale ferdigheiter enn dei frå høgare sosiale lag.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
To studiar – ei undersøking frå regionar som varierer i økonomisk velstand og ei representativ laboratorieundersøking med utval av vaksne frå arbeids- og middelklassbakgrunn – var grunnlaget for forskinga.
Dei fann at ein argumenterar mindre klokt når den andre personen som er involvert i situasjonen har lågare sosial status enn ein sjølv har.
Funna indikerte at høgare sosial klasse gjev mindre sjanse for at eit individ treff kloke avgjerder i høve til mellommenneskelege situasjonar. Utdanning, urbanisering, ulik inntekt, demografiske faktorar som alder og kjønn, og andre faktorar hadde langt mindre å seie.
Effekta var klar og tydeleg både blant unge og middelaldrande, men ikkje blant dei aller eldste.
– Folk som veks opp i eit arbeidsmiljømiljø, må stola på delte fellesressursar meir enn folk med middelklassebakgrunn, og lagar difor sosiale teknikkar som reduserer konfliktar med sine andre. Dei i middelklassa, derimot, har ein tendens til å fokusera på utdanning, noko som forbetrar intelligensen, men dei legg ikkje så mye innsats i konfliktløysingsferdigheiter, sa Igor Grossmann frå University of Waterloo i Canada, ein av forskarane bak studien, i ein kommentar til Sciencemag.
- LES OGSÅ: Kan ikkje konstruera klokskap