Unge søv dårlegare når foreldra får pengeproblem
Brå forverring i familieøkonomien når barn er små kan skape søvnproblem seinare, syner ein ny studie.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein ny internasjonal studie viser at brå forverring av familieøkonomien når barna er små, gir søvnvanskar i ungdomsåra.
Studien, som har gått over sju år, er eit samarbeid mellom Regionalt kunnskapssenter for born og unge ved Uni Research Helse i Bergen, Folkehelseinstituttet og University of Auckland på New Zealand.
– Ei forverring av den økonomiske situasjonen hos familiar var assosiert med større grad av søvnvanskar for ungdom i 16-19-årsalderen, seier søvnforskar Børge Sivertsen, som har leia studien, til NRK.
- LES OGSÅ: Dobbelt så mange barn brukar sovemedisin
– Det er store skilnader, faktisk ein halvtime kortare søvnlengd for dei som hadde fått verre økonomi. Det er mykje i ein alder kor dei gjerne søv lite i utgangspunktet, seier Sivertsen.
Medan gjennomsnittleg søvnlengd i kvardagen var 6 timar og 28 minutt i gruppa som aldri hadde vore fattig, var søvnlengda 32 minutt kortare hjå ungdom frå familiar med aukande grad av fattigdom.