Fleire barn opplever ofte at pengane til mamma eller pappa ikkje strekk til. Årsaka er fleire innvandrarar og lågkonjunktur, ifølgje Nav.
NPK-NTB
NPK-NTB

Det kjem fram i rapporten « Fattigdom og levekår i Norge » som vart lagt fram av Nav i førre veke.

– Årsaka til dei auka forskjellane i Noreg er lågkonjunkturen vi har vore igjennom, og ein auke i innvandrarbefolkninga, seier Navs kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det 98.200 fattige barn i Noreg. Definisjonen på fattige barn i Noreg er barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt over tre år, melder NRK.

I 2016 fekk 1,6 prosent av befolkninga økonomisk sosialhjelp. Denne delen har halde seg stabil dei siste tre åra. Nesten halvparten av dei som fekk sosialhjelp hadde innvandrarbakgrunn. Her har delen auka dei siste åra, delvis som følgje av auka innvandring, ifølgje Nav.

Det vart utbetalt nesten 6,2 milliardar kroner i sosialhjelp i 2016, ein auke på 1,6 prosent frå 2015. Auken i utbetalingane kjem først og fremst av fleire mottakarar. Sosialhjelpsavhengnaden har gått litt ned det siste året, etter å ha auka i perioden 2011 til 2015.

Dei siste tre åra har dei med lågast inntekt ikkje tatt del i inntektsveksten. Dei 20 prosentane med høgast inntekt har ein inntekt som er 3,8 gonger høgare enn dei 20 prosentane med lågast inntekt. (©NPK)

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE