Pengar til sjømatprosjekt for barn og unge

I år deler fiskeriminister Per Sandberg ut 7,6 millionar kroner til prosjekt som skal gi barn og unge gode opplevingar med fisk og sjømat.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pengar til sjømatprosjekt for barn og unge

– Engasjementet for eit betre kosthald hos barn og unge femnar om heile landet. Eg har fått søknader frå både små og store aktørar som ønskjer seg støtte til å gi barn kunnskap om sjømat og matlaging, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Både organisasjonar og privatpersonar med gode prosjekt på gong kan søke om pengar til sjømattiltak. Pengane vert delte ut i to omgangar. Fyrst blir 4,1 millionar kroner fordelte på til saman 33 prosjekt.

Les også: Ålen omtala som Europas elfenbein

Ny sjanse til å søkje om tilskott til sjømatprosjekt retta inn mot unge

Det står att 3,5 millionar friske kroner i denne sjømatpotten for i år. Neste søknadsfrist er 1. september 2018.

– Det er ein myte at barn og unge ikkje likar sjømat. Når barna får vere med på heile prosessen blir dei nysgjerrige, engasjerte og smakar meir på maten. Med meir kunnskap i sekken håpar eg barna lærer opp foreldra sine, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Les også: 10 ting du ikkje visste om havet