Ålen omtala som Europas elfenbein

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 01.03.2018 19:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ålen vart freda i 2009 og er trua både av forureining, parasittar og ulovleg eksport. EU stramma hardt inn på regelverket for å beskytte ålen, men det går likevel føre seg ulovleg eksport, og særleg frå Sør-Europa. Caroline Durif, forskar ved Havforskningsinstituttet, kallar det heile for «ein mafia-industri.»

— Det er snakk om både ulovleg fiske og ulovleg eksport av åleyngel og glasål til Asia. Der er denne fisken ei delikatesse, fortel Durif.

Caroline Durif på forskningsfiske etter ål i Hjelmås i Lindås.

Forskaren trur ikkje at den ulovlege eksporten skjer i Noreg. Men i Spania har tollvesenet avdekt fleire tilfelle av forsøk på smugling av ål. Seinast for tre veker sidan vart det forsøkt frakta ut glasål frå landet til ein verdi av 700 euro per kilo.

— I Noreg er ikkje folk vane med å ete ål. I Spania steiker dei ålen i kvitlauk og olivenolje, det er ein populær julerett. I Spania er det lov å fiske glasål, men likevel ikkje lov å selje denne vidare ut av landet. Vi veit at det skjer, og at det er altså god butikk.

Sjå video av kverrsetjing i Spania her.

Kverrsetjing av glasål i Spania.

Trua bestand

Glasål er fasen der ålen framleis er ung. For å drive oppdrett av ål, må ein starte med glasålen. Forbodet i 2009 skapte frustrasjon blant ålefiskarar i Noreg.

— Problemet med ålen er at vi ikkje veit korleis han reproduserer seg. Vi veit ikkje kva larvene et, og vi har ikkje akvakulturen som trengst. No jobbar Havforskningsinstituttet på eit nytt prosjekt saman med Forskningsrådet der vi skal finne ut kvifor bestanden ikkje går opp.

I Japan klarte dei å lage fôr av haiegg, men sidan haien også er trua, er det ikkje berekraftig. I Danmark forsøkte dei å reprodusere ålen i eit stort basseng, og klarte delvis dette.

— Den japanske ålen er endå meir trua enn den europeiske. På grunn av EU-reglementet, prøver no mange å eksportere den amerikanske ålen, der det ikkje er like strengt som i Europa.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

Ingen ål ut av Noreg

Ålen kom på CITES-lista i 2009. Det er ei liste over trua dyr og planter og som treng politisk regulering frå statleg hald. Tollvesenet i Noreg kan stadfeste at det ikkje går føre seg ulovleg eksport av den trua ålen.

— Vi har ikkje hatt noko kverrsetjing av ål som var planlagd å frakte ut av landet, seier kommunikasjonsrådgivar Hilde Bjerkholt Jenssen i Tollvesenet.

Ho viser vidare til Miljødirektoratet, som Tollvesenet handlar på vegner av. Men i Miljødirekrtoratet viser dei vidare til Fiskeridirektoratet. Anne Marie Abotnes i Fiskeridepartementet fortel at ål hamna på Norsk rødliste for arter i 2006, kategorisert som kritisk trua. I 2015 blei kategoriseringa endra til sårbar.

— Frå 2009 blei det innført eit generelt forbod mot å fiske ål i sjøen. Dette gjeld også for fritidsfiskarar. Det same året kom ålen inn på CITES, det vil seie at det krevst løyve for å drive internasjonal handel med ål. Det viktigaste kravet er at handel ikkje skal true arten.

Ålen vart freda i 2009. Foto: Havforskningsinstituttet

Treng regulering

Marknaden for importert ål er størst i Asia. I Japan er ålen populær i ei rett kalla Kabayaki. Der blir fisken kutta, grilla og dyppa i soyasaus. Det er også populært å karamellisere fisken saman med sushi-ris (unagi).

— Etter at kollegaar av meg har undersøkt DNA-et til ålen i asiatisk fast-food, fann dei at ein høg prosent var europeisk. Det er umogleg at ålen sjølv har svømt til Asia, seier Durif i Havforskningsinstituttet.

— Korleis kan vi unngå eksport og dermed å true ålen sin eksistens endå meir?

— Ein må kontrollere ålen på same måte som elfenbein og andre ulovlege produkt. Vi må ha ein forvaltningsplan og redusere fiskeri. Dessutan er ålen sensitiv til forureining. Både fett og tungmetall påverkar gyteprosessen, og dette må vi finne ut meir om.