Psykologi-studentar saksøkjer staten
200 studenter som har teke psykologi i Ungarn går til massesøksmål mot staten fordi dei ikkje har fått autorisasjon, slik dei meiner EØS-reglane gjev rett til.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Advokat Per Andreas Bjørgan leverte fredag stevninga på vegner av 200 norske Ungarn-studentar, ifølgje Dagbladet. Dei krev kompensasjon fordi utdanninga deira ikkje er godkjend av norske helsestyresmakter.
Ifølgje EFTAs overvakingsorgan ESA har norske styresmakter brote EØS-reglane ved å nekta autorisasjon av psykologistudentar med utdanning i Ungarn. ESA gjev dei norske psykologstudentane fullt medhald i argumenta sine, meiner Bjørgan.
- Les også: Sju tips mot eksamensangst
Vanskeleg å få kompensasjon
– Den einaste måten studentane kan få kompensasjon på, er ein fellande dom på at norske helsestyresmakter braut regelverket. Vi tek førebels ikkje stilling til erstatningssum i søksmålet, no handlar det først og fremst om å få klarlagt grunnlaget, seier Bjørgan.
I februar i år opna helseminister Bent Høie døra for at studentar som starta på masterutdanninga ved ELTE-universitetet i Budapest før Helsedirektoratet endra godkjenningspraksis i 2016, skal få tilbod om eit eige opplegg som kan føra til norsk autorisasjon som psykolog.
- Les også: Derfor studerer unge i utlandet