Legalisering, vern av LoVeSe og juridisk abort: Desse fire sakene blir det strid om på Unge Høgres landsmøte i helga

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 24.06.2018 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag opna Unge Høgre sitt 54. landsmøte på tradisjonsrikt vis ved å senda sine «ærbødigste hilsener» til Hans Majestet Harald V.

Framlegga til nytt prinsipprogram og klima- og miljøprogram vil utvilsamt sørga for stor debatt i ungdomspartiet.

Begge programframlegga er fulle av dissensar. Her er fire av sakene som blir mest spennande:

1. Full legalisering og regulering av narkotiske stoff

Spesielt stor usemje blir det truleg om ruspolitikken. Programkomitéen har nemleg gått inn for å «legalisere og strengt regulere alle narkotiske stoffer». Fylkeslaga Hordaland, Telemark, Akershus, Østfold og Møre og Romsdal vil stryka formuleringa.

Dette skriv programkomitéen som bakgrunn for forslaget:

Som konservative er det viktig å ta utgangspunktet i det samfunnet man har, og ikke det samfunnet man skulle ønske seg. Gjennom alle tider har det vært etterspørsel etter ulike typer rusmidler, og det er noe politikere ikke kan forhindre. Forbudspolitikken gjør i tillegg at det ikke finnes noen kontroll med innholdet i de ulovlige rusmidlene som omsettes. I tillegg må personer som vil benytte seg av andre rusmidler enn alkohol, oppsøke kriminelle miljøer. Derfor ønsker Unge Høyre å legalisere alle narkotiske stoffer, men regulere de strengt. Slik kan man både gi rusmisbrukere en verdigere hverdag, sørge for tryggere omgang med rusmidler, få kontroll på et stadig voksende problem og bryte ned globale narkotikakarteller.

Det kan sjå ut som legalisering av cannabis og lettare narkotiske stoff kan få fleirtal. Full legalisering vil truleg bli nedstemt på landsmøtet.

2. Vern eller ikkje vern

Det skapte overskrifter då programkomitéen for klima- og miljø i april foreslo vern av havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeboring. Ungdomspartiet har tradisjonelt vore svært oljevennleg, og langt på veg på linje med moderpartiet.

Men forslaget møter motstand. Oslo Unge Høgre vedtok med knappast mogleg fleirtal å gå imot vern på landsmøtet, og bind delegasjonen sin. Det betyr at alle utsendingane frå Oslo må stemme imot.

Unge Høgre innstiller på vern av Lofoten, Senja og Vesterålen. Bildet er frå Lofoten. Foto: Arnstein Rønning/Flickr/CC BY-SA 2.0 Innfelt er privat foto av Daniel Skjevik-Aasberg, leiar av Unge Høgres klima- og miljøkomité.

I tillegg er Rogaland, Nordland, Troms, Finnmark, Innlandet, Sogn og Fjordane, Telemark og Østfold motstandarar av å verne desse havområda.

3. Juridisk abort

Ein anna tema som truleg vil skapa debatt er programkomitéen sitt framlegg om å «ikke tillate juridisk abort».

Juridisk abort vil seia at eit barns biologiske far seier frå seg alle rettar, privilegium og ansvar ein periode før barnet er født. Barnefaren skal altså kunne avstå frå farskapet, uavhengig av om mora fullfører svangerskapet eller ei.

Buskerud, Møre og Romsdal, Rogaland og Telemark har foreslått å tillate dette. Akershus har foreslått å stryke punktet som slår fast at Unge Høgre ikkje vil tillate juridisk abort.

Forslaga om å tillate juridisk abort vil etter alt å dømma ikkje få fleirtal, spår ei kjelde i Unge Høgre.

4. Leiterefusjonsordninga

Leiterefusjonsordninga er ei særordning for oljeselskap, og inneber at dei kan trekke frå 78 prosent av leitekostnadane sine på skatten.

Programkomitéen for klima- og miljø har tilrådd å gjennomgå innretninga av denne, slik at risikoen for ulønnsame investeringar i større grad blir flytta frå staten til oljeselskapa.

Rogaland, Trøndelag, Sogn og Fjordane og Nordland vil ta til orde for å stryke dette, og bevara ordninga som ho er.

Eit fleirtal i ungdomspartiet er truleg einige med dei fire fylkeslaga. Det vil vera ei vesentleg kursendring for partiet om ein går inn for endringar i ordninga.

Landsmøtet kan du følga direkte her.