Dette er velferdsstatens største truslar, ifølgje ungdomspartia

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringar av ulik farge har i dei seinaste åra peika på store utfordringar for velferdsstaten framover. Befolkninga blir eldre. Ein større del av oss kjem til å motta pensjon dei neste åra. Samstundes blir det færre i arbeidsfør alder.

På toppen kjem klimautfordringane, og utgifter knytte til dei.

Olje- og gassproduksjonen har for lengst nådd toppen, og gir lågare inntekter. Avkastninga på oljefondet vil bli mindre.

Uansett kva me skal leva av etter olja, vil det ikkje vera i nærleiken av olje- og gassindustrien kva gjeld lønnsemd.

Totalen blir ein velferdsstat under press. Me har spurt ungdomspartia om kva dei meiner vil vera dei største truslane for velferdsstaten i dei kommande åra.

– Den største trusselen mot velferdsstaten er dagens regjering

Arbeiderpartiets ungdomsparti AUF går hardt ut mot dagens regjering. Skattekutt er å gambla med velferdsstaten, meiner partiet.

– Den største trusselen mot velferdsstaten er dagens regjering. Kvart einaste år sidan dei sette foten inn i regjeringskontora så har dei gitt milliardar i skattekutt til Norges aller rikaste.

Det seier AUF-leiar Mani Hussaini.

– Når regjeringa ikkje klarer å finne belegg for at dette skapar fleire arbeidsplassar, så er det gambling med berekrafta i velferdsstaten vår, held Hussaini fram.

Inntekter frå fossile brensel vil ikkje kunne finansiere velferdsordningane våre i framtida

Grøn ungdom meiner derimot at ein må til livs kor avhengige me er av olja.

Hulda Holtvedt er Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom

Hulda Holtvedt er Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom

– Kva er den største trusselen mot velferdsstaten?

– Oljeavhengnaden. Me har store investeringar i olja, og er økonomisk avhengige av den. Samtidig set verda seg stadig meir ambisiøse klimamål, og energimarknadane er i rask endring.

– Inntekter frå fossile brensel vil ikkje kunne finansiere velferdsordningane våre i framtida, seier talsperson for ungdomspartiet Hulda Holtvedt.

Les også: Halve Noreg fekk pengar frå NAV i fjor.

Menneska sjølv er problemet

– Det litt paradoksale er at det er menneska sjølv og det at vi lever lenger som er problemet, seier KRFU-leiar Martine Tønnessen.

Martine Tønnessen er leiar i KrFU. Foto: KrFU

– Men akkurat det vil ikkje KrFU hindre altså. Slik det er i dag lever vi lenger enn før, og det blir født færre born enn tidlegare. Det skaper ein skeivskap. Vi vil i framtida ikkje ha råd til å finansiere pensjonen til alle.

Framstegspartiets ungdom (FPU) meiner feige politikarar er ein trussel for velferdsstaten.

– Den største trusselen er politikarar som ikkje våger å ta grep fordi dei er redde for å miste posisjonar.

Bjørn-Kristian Svendsrud er formann i FpU. Pressefoto.

– Alle på Stortinget snakkar om perspektivmeldinga når kameraa er skrudd av.

– Men ingen våger å snakke om at den gruppa som fell utanfor arbeidslivet vil bli mykje større i framtida, seier FPU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud.

Kva er den største trusselen mot velferdsstatens berekraft?

Kva er den største trusselen mot velferdsstatens berekraft?

For sterk oljeavhengnad32
Menneska sjølv19
Feige politikarar som ikkje tør å kutta27
Skatteparadis10
Dagens regjering250
For høge pensjonar8
Feil fordeling av rikdomen37
Svar totalt: 383

SU vil skatteparadisa til livs

Panama Papers og saker om at internettgigantar som Facebook, Google og Apple knapt betalar skatt i det heile, har ført til mykje merksemd rundt skatteflukt den siste tida.

Andrea Sjøvoll er leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: Markus Andersson Photography

Andrea Sjøvoll er leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: Markus Andersson Photography

– Den største trusselen er internasjonale selskap som ikkje skattar i Norge, og dei milliardar av kroner som kvart år blir gøymde unna i skatteparadis, seier Sosialistisk ungdom-leiar Andrea Sjøvoll.

– Dette er pengar som kunne skapt gode velferdsordningar for alle, men som heller gjer nokre rike menneske endå rikare.

Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot synest å vera samd med Svendsrud i FpU.

Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot meiner det er på tide med kutt i sjukelønnsordninga. Foto: Unge Høgre

– Det er kombinasjonen av fleire ting, men når oljeprisen går ned mens utgiftene held seg høge er det at vi ikkje har råd til eit velferdssamfunn i framtida.

– Det er ein utfordring at det er for få politikarar som tør å foreslå ting som faktisk sikrar eit meir berekraftig velferdssamfunn. Det er ikkje populært å kutte, og for mange overbyr kvarandre for ofte, meiner Bruflot.

– Det var aldri høgrepolitikk som bygde velferdsstaten

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom Foto: Frida Ropphaugen

Tobias Drevland Lund er
leiar i Raud Ungdom Foto: Frida Ropphaugen

Raud ungdom (RU) rettar krass kritikk mot høgresida når dei skal skildra den største trusselen for velferdsstaten.

– Den største trusselen mot velferdsstaten er høgresidas politikk. Det var aldri høgrepolitikk som bygde velferdsstaten, og det er heller ikkje høgrepolitikk som kjem til å redde den.

– Det er et paradoks at Norge aldri har vore rikare, samtidig som det blir slått full alarm om berekrafta til velferdstenestene. Det er fordelinga av rikdom det handlar om, seier RU-leiar Tobias Lund.

Senterungdommen er meir upolitiske i si skildring av velferdsstatens truslar.

Ada Johanna Arnstad er leiar i Senterungdommen. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

– At folk lever lenger er eit sunt teikn for ein kvar nasjon, men det bringer også med seg ein del utfordringar. Det inneber blant anna at ein større del vil vere i arbeid og fleire vil ta nytte av velferdsordningar som pensjon og ulike helsetenester.

Unge Venstre-nestleiar Ragnhild Forsberg meiner pensjonsutbetalingane må ned dersom staten skal få endane til å møtast.

– Den største utfordringa er at vi blir eldre. Færre arbeidsføre, kombinert med høge velferdsytingar, gir dagens og framtidas unge ein enorm jobb som velferdsstatens berebjelkar. For at det skal gå opp, må ein jobbe lenger og dessverre også ha lågare pensjonar, hevdar ho.

Kva synest du er velferdsstatens største trussel? Gi oss beskjed i kommentarfeltet under.