Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Plastfri* for ein dag: Slik gjekk det då me forsøkte

07:00. Opp og stå. Fram med tannbørsten. Framtida sin korrespondent frå Planet Plast stiller førebudd, og har kjøpt inn tannkost av bambus. Vegansk og økologisk. Sikkert glutenfri òg.

Men busten er av plast. Det finst visst plastfrie tannkostar med bust av grisehår, men eg er ikkje heilt der kjenner eg. Tannkrem i lausvekt var dessutan eit steg lenger enn eg vågde meg i førebuingane. Eg endrar overskrifta. Plastfri blir til plastfri* – plasten eg alt har kjøpt inn får vera i fred.

Skal redusera plastforbuket mitt, ikkje bli fundamentalist med hampproduksjon i stova og garderoben full av haremsbukser.

Det er god grunn til å kutta ned. Kvart år blir over seks millionar tonn søppel kasta på verdas hav – for det meste plast. Det har ført til plast-øyer større enn Norge i areal, og store skader på sjødyr.

(Saka held fram under biletet)

Du vil ikkje tru kor mykje plast du blir kvitt av å bytta til såpe som er litt fastare i fisken. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Skjelpadder med sugerøyr i nasen, kval med fleire titals plastposar i magen, og havhestar med i snitt 46 plastbitar i magesekken er nokre av resultata.

Ein tredel av plasten forsvinn ut i naturen

Knappe ti prosent av verdas oljeproduksjon går til å produsera plast. Det blir til nokre hundre millionar tonn plast i året. Éin kilo plast krev to liter råolje. Årleg svarar verdas plastproduksjon til omlag 1,5 milliardar tonn CO2. Produksjonen er venta å firedobla seg innan 2050. Rundt 26 prosent av plasten er emballasje.

Det er ikkje meir enn 14 prosent av plasten i verda som blir resirkulert. Meir enn dobbelt så mykje hamnar i naturen.

Det er altså god grunn til å kutta ned på plasten – ikkje minst det som er unødvendig, og kan erstattast med betre alternativ. Mykje av det vil på eit tidspunkt enda opp i havet.

Ver smart: Ta med din eigen kaffikopp. Nokre stader får du avslag i prisen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Eg tek meg ein dusj. Brukar såpestykke, sjølvsagt. Vil ikkje vera ein noldus (kven vil vel det?). Handkleet er det ingenting å utsetta på – det er grått, keisamt og bomullsbasert.

Frosne rundstykker i plastemballasje til frukost. Smått skamfull kastar eg posen til gjenvinning. Neste gong blir det papirpose og brød frå bakeriet. Litt dyrare, men ingen fare for at ein eller annan havhest forvekslar det med havhestføde. Kva nå det måtte vera.

Pålegg blir syltetøy og sjokoladepålegg frå glas. Til liks med papirposar er glas mykje meir energikrevande å produsera enn plast. Men papir går raskt inn i krinsløpet att, medan glas kan smeltast om og gjenbrukast i lang tid.

Utmanøvrert av tortilla

Må komma meg på jobb. Ned trappene og atter ut på febrilsk jakt etter bysykkel. Drar innom ein kaffibar på vegen – har ordna meg gjenbrukskopp, må vita. Aldri meir papirkopp med plastlokk.

Vel framme i redaksjonen er eg trygg. Smudi i alt for store plastbeger blir berre servert eit par gonger i veka, og er ikkje der til å føra meg ut i freisting i dag. Med det får også lunsjen i kantina sluttvurdering «bestått».

Heime att. Det er fredag. Den vesle meksikanaren i bakhovudet som handhevar fredagstacoen kallar ut: «Necesitamos vegetales frescos!» – me treng ferske grønnsaker.

Med handlenett risikerer du ikkje at det er din plastpose som endar opp i ein gåsenebbkval på Sotra. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Den frykta handleturen står på trappene. Det kan vel ikkje vera heilt umuleg å handla inn til taco utan å få plast med på lasset? Utstyrt med handlenett beinar eg i veg til nærbutikken. Får tak i nokre lause avokadoar. Tomatar går fint. Elles rår plastveldet. Fersk koriander er uaktuelt. Det same gjeld agurk, salat – i grunnen resten av grønnsaksdisken.

Turen går til tacohylla. Jalapeños og salsa er omhyggeleg stua i gjenbrukbare glas. Det er ikkje før eg kjem til tortillaane at det går åt skogen. Kan sjølvsagt baka mine eigne maispannekaker, men det er hakket lenger enn eg er villig til å strekka meg.

Handleturen blir underkjent av lefserelaterte årsaker.

Bjørn veit råd

Tilbake i leilegheita har mitt nye haukeblikk for plast fått auge på både det eine og det andre. Sjokolade, pinjekjernar, pasta – alt er for fanden pakka inn i stoffet som nektar å forsvinna. Vil ha evig liv slik som oss, ser det ut til.

Det går opp for meg, litt etter litt, at plastproblemet kan henda er litt større enn meg.

Éin million plastflasker blir selde kvart minutt, les eg på verdsveven. Eg har rett nok kjøpt meg gjenbruksflaske, men trur ikkje talet blir så mykje mindre av den grunn. Like lite har eg høve til å dyrka ris emballasjefritt i bakgården.

Bestemmer meg for å legga skulda på produsentane. Eg, ein makteslaus forbrukar, har verken tid, pengar eller planleggingsevne til å styra unna all plast. Marknaden må ta grep.

Som heile Norges livsrettleiar Bjørn Eidsvåg nok ville fortald dei:

«eg kan ikkje gå alle skrittå for deg.
Du må gå de sjøl,
men eg vil gå de med deg.»