Unge Høgre seier nei til oljeboring

Unge Høgre sin programkomité for klima og miljø seier nei til oljeboring og krev vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er vanskeleg å seie ja når Havforskingsinstituttet seier nei, når Fiskeridirektoratet seier nei, når Norsk Polarinsitutt seier nei og når Miljødirektoratet kallar det uforsvarleg, sa sentralstyremedlem og leiar av programkomiteen for klima og miljø i Unge Høgre, Daniel Skjevik-Aasberg i Politisk kvarter på NRK i dag tidleg.

Daniel Skjevik-Aasberg er leiar for programkomiteen for klima og miljø i Unge Høgre. Foto: Privat

Eit fleirtal i programkomiteen meiner at Lofoten, Vesterålen og Senja må vernast ot oljeboring. Det meiner ikkje Høgre.

Vil følge faglege råd

Stortingsrepresentant Jonny Finstad representerte Høgre i debatten. Partiet meiner framleis at vi må vurdere konsekvensutgreiingar og ei kunnskapsbasert tilnærming til oljeboring i området. Han argumenterte med at vi kan stille strenge krav og utvikle ny teknologi og skape framtidsretta arbeidsplassar.

Skjevik-Aasberg svarte med å vise til «90 rapportar» som er skrivne om effektar for miljø, fisk, næringsliv, arbeidsplassar og miljørisiko:

– Det er ingen av dei miljøfaglege instansane som anbefaler å opne for petroleumsaktivitet, sa Skjevik-Aasberg.

Han la også til at det er mange andre område ein heller kan bore i. Unge Høgre er ikkje mot meir oljeboring.

Glad leiar i folkeaksjonen

– Unge Høgre har alle miljøfaglege råd, fleirtalet blant eigne veljarar og eit overveldande fleirtal i heile folket i ryggen dersom landsmøtet vedtar å gå inn for dette, seier Ingrid Skjoldvær, nestleiar i Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja i ein epost til Framtida.no.

Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Ingrid Skjoldvær, leiar i Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Kampen for vern har blitt tatt og vunne seks gongar dei siste tjue åra. Skjoldvær er glad for å få Unge Høgre med på laget.

– Vi treng Unge Høgre om vi skal sørge for varig vern mot petroleumsverksemd, seier ho.