Unge mest positive til oljeleiting utanfor Lofoten

Motstanden mot oljeleiting utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er størst blant dei over 50 år – og minst blant dei under 30 år, ifølgje ei ny undersøking.

NPK-NTB
Publisert

Norstat har gjennomført spørjeundersøkinga på oppdrag frå NRK.

Følgjande spørsmål er stilt: «Bør Noreg leite etter olje og gass i område utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja?»

I aldersgruppa 50 til 99 år svarer 58 prosent nei, 33 prosent ja og 9 prosent veit ikkje. Motstanden minkar jo lenger ned i alder ein kjem.

Blant personar under 30 år svarer 48 prosent nei, 41 prosent ja og 11 prosent veit ikkje.