Innvandrarprofessor: Utanlandske forskarar treng nynorsk

Jussprofessor Malcom Langford ved Universitetet i Oslo reagerer på at utanlandske forskarar blir nytta som argument for å leggje bort nynorsk til fordel for bokmål og engelsk ved universiteta. Utlendingane har godt av å lese nynorsk, meiner han.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blir uroleg når internasjonale forskarar blir nytta som argument i denne debatten. Ein kan lære å forstå nynorsk raskt, men det er ei utfordring å skrive sjølv, seier Malcom Langford til fagbladet Forskerforum.

Malcom Langford er jussprofessor ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Blant dei som helst vil sleppe å skrive nynorsk, er Universitetet i Agder (UiA), som har bedt Kunnskapsdepartementet vurdere om lovkrava om nynorskbruk eigentleg passar i universitetssektoren.

Med mange internasjonale studentar og tilsette meiner UiA det er for ressurskrevjande å måtte sørgje for å lage tekstar på nynorsk i tillegg til bokmål og engelsk.

Langford vedgår at han sleit med både nynorsk og dialektar da han kom til Oslo frå Australia for elleve år sidan. Den gongen tenkte han at det kunne ha vore mindre nynorsk i det offentlege, men det tenkjer han ikkje no lenger.

Meir presis grammatikk

– Eg har fått sans for det, og grammatikken er flottare og meir presis, seier Langford.

Jussprofessoren ser gjerne at universiteta satsar på god kommunikasjon på engelsk, men er skeptisk til at det skal gå utover bruken av nynorsk.

Han peikar på at det han les av nynorske tekstar, til dømes i universitetsavisa Uniforum, set han i stand til å forstå dialektane til studentane og å lese eksamenssvar på nynorsk.

– No har eg sensurert masteravhandlingar på nynorsk. Det er litt av eit sjokk første gongen, men ein kjem inn i det, og så går det heilt greitt, seier han og ser gjerne at internasjonalt tilsette ved universiteta fekk opplæring i nynorsk når dei lærer bokmål.