Mållaget går inn for bøter til universitet og høgskular

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag blei det klart at Universitetet i Agder ønskjer å få fritak frå kravet om å bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk.

– Eg tar for gitt at forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø avviser brevet frå Universitetet i Agder, der dei ber om å sleppe det statlege kravet til å skrive 25 prosent nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Underleg

– For meg er det eit underleg utspel når universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen samtidig seier til forskerforum.no at dei ikkje ønsker å bli kvitt nynorskkravet. Det er rett at eit universitet må kommunisere på norsk og engelsk, men nynorsk går sjølvsagt inn som ein del av det norskspråklege. Og da seier altså mållova at verken nynorsk eller bokmål skal ha mindre enn ein fjerdedel av til dømes det norske innhaldet på nettsida til Universitetet.

– Eit universitet er fullt av høgt utdanna, skarpskodde folk, og det er berre tull at ikkje dei tilsette der lett kan lære seg nynorsk like greitt som dei skriv bokmål. I norsk, studieførebuande skule lærer alle begge språk. Det er viljen det står på. Eigentleg er det rart, for på Agder er det jo gode nynorsktradisjonar, med til saman 6 nynorskkommunar, heiter det i pressemeldinga frå Mållagt.

Over 16.000 personar på Agder bad om nynorsk skattemelding i 2016.

– Flautt

– Det er flautt at så mange institusjonar innanfor kunnskapssektoren er så dårlege til å følgje lovverket. Når eg ser slike utspel som dette frå Agder, er eg glad for at leiaren av Universitets- og høgskolerådet, rektor Mari Sundli Tveit ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås, er heilt klar på dette, seier Aasbrenn. Sundli Tveit har mellom anna vore tydeleg på retten norske studentar har til å få eksamensoppgåva si på nynorsk.

– Noregs Mållag går inn for bøtelegging av institusjonar som bryt mållova gjentatte gonger. Når det gjeld fransk og engelsk i Canada, blir mållova der praktisert slik. Når ein ser den typen sabotasje av norsk lov som Universitetet i Agder driv med i år etter år, så verkar det nødvendig at eit slikt tiltak blir innført her i landet òg så snøgt som råd, avsluttar Aasbrenn.