Språkrådet ber UiO om å bruke meir nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskbruken ved Universitetet i Oslo er på veg oppover, men dei er langt frå å oppfylle krava i mållova. No vil Språkrådet ha endring.

Språkrådet ber einingane ved UiO om å syte for at kvar fjerde nyhendesak på nettsidene er på nynorsk, at alle skjema må finnast på begge målformer og at kvar fjerde melding på sosiale medium blir skriven på nynorsk.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa ber no alle einingane ved UiO om å ta språklege grep. I eit brev ber universitetsdirektøren leiinga på alle nivå om å følgja opp tiltaka frå Språkrådet overfor aktuelle medarbeidarar , skriv Uniforum på sine nettsider.(©NPK)